– Eg er førebudd på at det blir ein jobb med høgt arbeidspress, seier Egil Arebrot.
Onsdag denne veka blei det klart at 40 år gamle Egil Aarebrot blir ny kommunalsjef teknisk etter Anders Skaarer, som sa opp stillinga si i mars. Den nye kommunalsjefen startar etter alt å døme i stillinga rundt midten av oktober.
Egil Aarebrot har dei siste ni åra jobba som prosjektingeniør ved Eramet Sauda. Her har han blant anna arbeidd med prosjekt knytt til forbetring og modifikasjon av smelteomnane. I 2008 hadde han delprosjektansvar under bygginga av nye omn 11 og i 2013 var han prosjektleiar for omforinga av omn 12. I tillegg har Aarebrot jobba ein del med vedlikehaldssystematikk hos Eramet.
– Det var inga lett avgjerd å slutta i jobben eg har ved Eramet. Men etter ni år på same arbeidsplass har e geit ønske om å prøva noko nytt. Då det dukka opp ei kommunal stilling som passa mi erfaring og min kompetanse følte eg at tida var inne for å søka nye utfordringar, seier Aarebrot.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her