– Me er veldig godt fornøgd med det me fekk til i Sauda. Då eg og regissør Martin Kyllingmark, produksjonsdesignar Hailey Hall og fotograf Roar Midtlien var i Sauda på synfaring i fjor haust, såg me umiddelbart kor filmatisk dette kunne bli. Samtidig blei det fort klart at dette også er utfordrande forhold å filma under, men me bestemte oss for å prøva, fortel produsent Stian Tveiten.
Elevane ved Den norske filmskolen hadde då leita gjennom heile Norge og Sverige for å finna eit smelteverk som passa perfekt som kulissar for filmprosjektet deira, ”Stål”.
– Me synest smelteverket i Sauda var heilt perfekte kulissar. Og viss det var opp til meg burde det ikkje vera siste gong det blir laga film på Eramet, seier Tveiten.
Filmen hadde premiere på Filmfestivalen i Haugesund i august i år. I morgon kveld, laurdag, blir filmen, som varer i 22 minutt, vist på NRK 2. Kortfilmen ”Stål” handlar om forholdet mellom ein far og ei dotter. I filmomtalen heiter det at ”dypt religiøse Jan er hard som stål. I jobben på stålverket ser han inn i helvetes flammer hver eneste dag. Da hans vantro, narkomane datter Ida ber om hjelp, settes Jan på prøve. Vil han klare å redde datteren fra helvete?” Hovudpersonen Jan blir spelt av den kjende skodespelaren Reidar Sørensen. I dei andre rollane finn me Julia Schacht og Øystein Røger.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her