– Politiet har akkurat kome til staden for å snakka med folk og etterforska hendinga, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrkenes til Ryfylke like før klokka 19.00 tysdag kveld.
Ein kranførar vart tysdag kveld frakta til sjukehus etter ei arbeidsulukke under lossing ved kaia til Eramet Sauda. Kranhuset mannen sat i, løsna frå kranbommen og fall ned i lasterommet på båten.
– Han var bevisst då ambulansen kom til staden, opplyser operasjonsleiaren vidare.
Det er tale om eit ganske høgt fall.
Byrkenes seier at mannen vart køyrt med ambulansen i retning Haugesund, men ho har ikkje opplysningar om helsepersonellet valde å køyra han til sjukehuset der eller å legga han inn ved Stavanger Universitetssjukehus.
Les meir i papirutgåva fredag