Dei siste fire åra har suldølene busett i Hylsfjorden reist til Sauda for kontroll under graviditet og vidare oppfølging med mellom anna barselgrupper og vaksinasjonar av barnet. Dette tilbodet vert vidareført gjennom inneverande år, men Sauda kommune har no sagt opp avtalen med verknad frå 1. januar 2016.
– Me har eit svært godt samarbeid med Suldal kommune om avtalen. Me synest det er veldig positivt at me har kunna gitt dette tilbodet til dei som bur i Hylsfjorden og ser gjerne at dei framleis skal kunna få sine tenester i Sauda. Me er opne for å revurdera avtalen om Suldal ønsker det og me vert einige. Men i og med at avtalen har ei oppseiingsfrist på 12 månadar fann me det mest føremålstenleg å seia han opp no, seier Aina Olene Tveit, kommunalsjef helse og omsorg i Sauda kommune.
Kommunalsjefen opplyser at bakgrunnen for oppseiinga av helseavtalen er manglande kapasitet ved den lokale helsestasjonen. Sauda har per i dag fire stillingsheimlar til helsesøster på Helsestasjonen, i totalt 2,5 årsverk, og ei jordmor som i tillegg til å vera jordmor óg utfører helsesøsteroppgåver i ein mindre stillingsdel.
– Fylkesmannen i Rogaland peika under sitt tilsyn i 2014 på at me har for få ressursar ved helsesenteret til å levera dei tenestene me er pålagt innan dei tilrådde fristane. Me har ikkje fått klager eller liknande. Oppseiinga av avtalen med Suldal er for å vera føre var. Me må prioritera innbyggarane i Sauda først, forklarer Tveit, og legg til at Lov om helsetenesta i kommunane seier kva tenester innbyggarane har rett på.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her