Anders Amdal, 1.side *** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TYNNSLITE TOLMOD: Anders Amdal aksepterte at uvêret «Nina» førte til straumbrot. Men då han og naboane på strekket frå Nestjødna i Saudasjøen og oppover også dei to påfølgande helgane vart straumlause syntest han det ikkje var så greitt lenger. (Foto: Arvid Horpestad)

Lei av helge-straumbrot

I tre helger på rad har Anders Amdal og naboane vore utan straum.

Første helga var det uvêret «Nina» som slo til. Innbyggarane frå Rødstjødna i Saudasjøen og vidare oppover i dalføret var då utan straum i rundt 50 timar. Dét fann Anders Amdal seg tolsamt i, han aksepterer at vêret kan gi kraftleverandøren skikkelege utfordringar å hanskast med.

Tolmodet vart noko meir tynnslite då straumen var vekke i over 24 timar den påfølgande helga.

– Men då straumen forsvann den tredje helga på rad byrja det å verta ugreitt, seier Anders Amdal.

Den helga, det vil seia helga som var, var straumen vekke på dagen fredagen og igjen frå klokka seks til ti på kvelden, opplyser han. Han reknar seg fram til at dei er ti-tolv husstandar som vart råka av straumbrota.

– Litt meir fokus på skogrydding, og gjerne også betre materiell. Ei ny linje hadde nok óg vore ønskeleg. Me betaler jo nettleige, me óg, og stort sett får me jo noko att for denne, men eg trur me alle her synest at det er leitt at det har vore så mange straumbrot den siste tida, konkluderer Anders Tveit.

Divisjonssjef marked i Haugaland Kraft, Gunn Margareth Lassesen, seier seg lei for at Anders Amdal og naboane hans i Saudasjøen opplevde straumbrot tre helgar på rad. Ho forsikrar at kraftselskapet sette inn store ressursar på feilretting etter «Nina», og beklagar dei uheldige omstenda som gjorde at dei omtala husstandane vart ståande utan straum dei to påfølgande helgane.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her