*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL HA DISKUSJON: Lokallagsleiar i Utdanningsforbundet, Roar Fiveland, meiner det er viktig at konsekvensane ved dei ulike alternativa for framtid kommunestruktur kjem klart fram. På den måten trur han det er enklare for lokalbefolkninga å ha ei klar meining om kva som er det beste for dei. (Foto: Linda Merethe Lie)

Fryktar Sauda vil tape på samanslåing

Utdanningsforbundet er redd for at barn og unge må betale i jakta på ein meir kostnadseffektiv kommune.

Utdanningsforbundet saknar informasjon om kva konsekvensar ei eventuell kommunesamanslping kan få for saudabuen.

– Eg vil gjerne stille spørsmål ved kva som er motivasjonen for å sette i gang ei utgreiing av kommunesamanslåing. Er det etter press frå regjeringa? Er det lokalbefolkinga sine behov som skal vere i fokus eller skal vi godta meir styring frå øverste hald? Eg trur ikkje vi får ei god avgjerd hvis ho ikkje er forankra i folket, meiner Roar Fiveland, lokallagsleiar i Utdanningsforbundet.

Fiveland meiner det er heilt essensielt at folket blir tatt med på lag i diskusjonen kring ei eventuell kommunesamanslåing. Han meiner såleis at det er viktig at informasjonen om kva fordelane og ulempane ved dei ulike alternativa er kjem klart fram.

– Skal folket forstå dette må dei få kjennskap til erfaringar og konsekvensar i andre land som har endra kommunestrukturen. Eg forstår ikkje kvifor det er sagt såpass lite om Danmark sine erfaringar med strukturendring, peikar han på.

I 2002 blei det sett ned ein strukturkommisjon i Danmark som skulle jobbe med ein framtidig kommunereform. Reformen trådte i kraft 1. januar i 2007 og innebar då at 271 kommunar blei redusert til 98 og 14 amt blei erstatta av fem regionar. I gjennomsnitt auka talet på innbyggarar i kommunane frå 20 000 personar til 55 000.

– Her blei det altså færre og større kommunar. I og med at sentralisering skulle vere ein stor samanslåingsgevinst blei mindre skular lagde ned. For Sauda sin del vil det vere ei stor utfordring. Vi veit at foreldre ønsker nærleik til skule og barnehage. Det er nettopp derfor unge flyttar heim igjen, argumenterer Roar Fiveland.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her