Legesenter, Olivia Obtinario og Siv Ripland
HELSE PÅ DATA: Einingsleiar ved Sauda legekontor, Olivia Obtinario (til venstre) og sjukepleiar Siv Ripland konstaterer at ordninga med kjernejournal er innført i Sauda. Obinario fortel at det er halde informasjonsmøte med legane om nyordninga og prøven dei må bestå for å kunna gå inn i denne jornalen som skal sikra helsepersonellet rask tilgang til viktige pasientopplysningar i kritiske situasjonar. (Foto: Arvid Horpestad)

Samlar viktige helsedata

Ein ny kjernejournal skal hjelpa helsepersonell til å gi rett akutthjelp.

– I akutte situasjonar kan kjernejournalen vera livreddande, og det er sikkert det som er grunnen til at helsedirektoratet har innført ordninga, seier kommuneoverlege i Sauda, Knut Omdal.

Frå 1. mars er saudabuane mellom dei 760 000 innbyggarane i til saman 67 kommunar i Helse Vest-området som har fått oppretta kvar sin kjernejournal etter at ordninga har vore gjennom ein prøveperiode.

– Pointet med kjernejournal er å samla opplysningar som er viktige for helsepersonellet å kjenna til i ein akuttsituasjon. La oss seia at du til dømes har epilepsi og vert sjuk på ferie i Halden, eller kor i Norge du er. Då kan legen raskt gå inn i kjernejournalen din og finna denne informasjonen, forklarer Omdal.

Andre døme på helseopplysningar som kan ligga i kjernejournalen er kva reseptpliktig medisin du bruker, besøkshistorie på sjukehus (det vil seia kva sjukehus du har vore på og når, ikkje kva behandling du fekk), om du har allergiar eller sjeldne lidingar, om du får viktig behandling som til dømes dialyse og om du har svekka syn eller hørsel eller behov for tolk. Kontaktinformasjon til familie og fastlege vil óg ligga der.

Kommuneoverlegen forsikrar at kun autorisert helsepersonell har tilgang til kjernejournalen etter å ha bestått ein godkjenningsprøve.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her