Held døra open for utdanning

Fleirtalet i fylkestinget vedtok å sjå Utdanning i Ryfylke i samanheng med budsjettet for 2016.

Tysdag skulle fylkestinget ta stilling i saka «Utdanning i Ryfylke – status og videre drift?» Som tidlegare omtala i Ryfylke var innstillinga frå fleirtalet i opplæringsnemnda at fylkeskommunen ikkje skulle engasjera seg direkte i utdanningsprosjektet framover.

I fylkestinget sette Ellen Solheim, Kristeleg Folkeparti, fram følgande forslag på vegne av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, eit forslag som vart vedteke med 28 mot 19 stemmer: «Rådmannen bes i budsjettsammenheng vurdere hvorvidt det anbefales at Utdanning i Ryfylke kan bli til utdanning i regionene. Det forutsettes at en videreføring av denne type utdanningstilbud skal foregå i eit forpliktende samarbeid med hver enkelt kommune. Saken tas opp igjen til ny vurdering ved behandling av budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019».

Det vil seia at fylkestinget får saka til ny behandling når budsjettet skal vedtakast i desember.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her