I går, torsdag, tok Sauda sitt A-lag i fotball imot tabelltopp Falkeid på Sauda stadion. Spelarane måtte takle krevande forhold då det sludda og regna i store delar av kampen. Ingen av laga klarte å sette ballen i mål i løpet av dei første 45 minutta, men Falkeid opna sterkt i andre omgang og skåra seks minutt etter sidebytte etter det som i følge hovudtrenar Stig A. Birkeland var ei elendig markering av heimelaget.
Så tok Sauda grep. Etter 75 minutt utlikna Stian Håheim på eit kanonskot og i 90. minutt blei ungguten Jonas Øvrebø matchvinnar og fastsette sluttresultatet til 2-1..
– Ein veldig fortent siger. Herleg å vere på toppen av tabellen, kommenterer Stig A. Birkeland.
Sauda leiar nå si avdeling i 5. divisjon med ni poeng etter tre sigrar og eitt tap. Etne ligg to poeng bak, medan Falkeid nå er på ein tredjeplass med seks poeng. Neste utfordring for Sauda ventar måndag om ei dryg veke då dei møter Kopervik 2 på bortebane.