*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
NEGATIV UTVIKLING: Talet på fastbuande inst i Ryfylke gjekk ned i første kvartal av 2015. (Arkivfoto: Linda Merethe Lie)

15 færre i Sauda

I løpet av dei tre første månadene i år gjekk innbyggartalet i Sauda markant ned.

Mot slutten av fjoråret auka talet på innbyggarar i Sauda med to personar, men folketalet inst i Ryfylke utvikla seg likevel i negativ retning om ein såg året under eitt. Sauda har lenge hatt utfordringar knytt til fødselsunderskot. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det også i første kvartal i år var fleire personar som døydde enn som blei født i Sauda, men fødselsunderskotet er likevel «berre» på tre personar.

Hovudårsaka til at talet på fastbuande i Sauda gjekk ned i begynnelsen av 2015 er at fleire har flytta frå bygda enn til. Medan 29 personar bestemte seg for å slå seg ned i Sauda i løpet av januar, februar og mars flytta 41 personar ut.

Folketalet i Sauda var ved utgangen av første kvartal i inneverande år 4 741 personar. I Suldal var talet på innbyggarar 3 982 i same periode, noko det også var i slutten av 2014. Også her har ein hatt ein negativ folketilvekst, men grunna eit fødselsoverskot på tre personar har Suldal kommune klart å stabilisere folketalet.

Les meir i papirutgåva fredag.