– Me er her på invitasjon frå Norsk Bokforlag som støtter flinke studentar frå dårlege kår i Afrika. No har me vore i Noreg i to av til saman tre månader for å tjene pengar til å betale for universitetet, fortel Fred Mobisa Nyamwanle.
Både han og kollegaen Mageto Joash Magati er frå Kenya, men studerer psykologi i Tanzania.
Etter å ha vore i Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Suldal, er det no Sauda som får dei to studentane på døra. Dei sel blant anna barne-, reise- og naturbøker, og 60 prosent av prisen går direkte til utdanninga deira.
– Om du berre kjøper éi bok, gjer du ein enorm skilnad i livet vårt, understrekar Magati, og forklarer at ei universitetsutdanning er svært dyr i Tanzania.
Møtet med ryfylkingane har vore ei positiv oppleving.
– Folk har vore svært imøtekomande og snille! seier Nyamwanle nøgd.
Begge er overvelda over naturen i Sauda.
– Det er snø i fjella! Det er første gongen me ser det. Me må opp og kjenne på han, slår Fred Mobisa Nyamwanle fast.
Maten er svært annleis enn heime, og systema fungerer her, noko dei synest er fantastisk.
– Og nordmenn er så gode med dyr! Dei er ein del av familien her, og slik er det ikkje i Kenya. I tillegg ser me tydeleg kjønnslikestillinga. Det er flott, og det er difor me treng betre utdanning i Afrika, så me kan jamne ut skilnadane mellom menn og kvinner. Og difor jobbar me her no for å tjene nok så me kan bidra til den utviklinga, avsluttar Mageto Joash Magati.