*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KAN MEINA, MEN…: Det nye kommunestyret har ingenting dei skulle ha sagt om det blir etablert eit asylmottak i bygda eller ikkje. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Vil helst bestemma sjølv, men…

Politikarane innrømmer at dei helst skulle hatt eit ord med i laget rundt planane om eit asylmottak i Sauda.

Komande fredag bestemmer Utlendingsdirektoratet seg for om dei vil gi Hero klarsignal for å starta opp eit asylmottak i Sauda. Planen til Hero er å etablera eit såkalla desentralisert asylmottak – ei mottaksform der asylsøkarane bur i hus og leilegheiter rundt omkring i kommunen.

Avgjerda blir tatt utan at verken administrasjonen eller den politiske leiinga i Sauda kommune har fått uttalt seg i saka. ¨

Mest kritisk til dette er Høgre sin gruppeleiar, Knut Atle Seim.

– Høgre er generelt for eit sterkt sjølvstyre. At det kan etablerast eit mottak utan at me har noko me skulle ha sagt, er ikkje bra, meiner han.

Seim innrømmer likevel at saka er vanskeleg, og at det å venta på vedtak i lokalsamfunna fort kan ta for lang tid.

Også dei andre gruppeleiarane uttrykker forståing for prosessen slik den er lagt opp.

– Me forstår at systemet må vera slik. Likevel meiner me at kommunane skal ha mulighet til å uttala seg, seier Ingrid Hillestad, gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

Kristeleg Folkeparti, som ifølge gruppeleiar Kristian Landro er for ei etablering av eit asylmottak i Sauda, meiner det er greitt at UDI og Hero får mulighet til å finna raske løysingar.

– Sjølv om det sjølvsagt er best når lokale styresmakter får vera med på å bestemma, seier Landro.

Også Senterpartiets gruppeleiar, Kristine Espeland Rafdal, og Sosialistisk Venstreparti og gruppeleiar, Lisa Stornes, påpeikar at flyktningkrisa krev rask handling, og at ein derfor må akseptera at UDI etablerer mottak i ein del kommunar utan at det føreligg lokale politiske vedtak.

– Eg er meir skeptisk til Hero. Eg meiner at mottak og andre offentlege tenester ikkje bør leggast ut på anbod til private aktørar, men drivast av det offentlege, seier Stornes.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her