LAGAR IS: Arild Haavelsrud (nærast kamera) og Stein Erik Guldbrandsen var blant brannmennene som brukte fredagskvelden på å laga skeisebane for saudabuen. (Foto: Ingvil Bakka)
LAGAR IS: Arild Haavelsrud (nærast kamera) og Stein Erik Guldbrandsen var blant brannmennene som brukte fredagskvelden på å laga skeisebane for saudabuen. (Foto: Ingvil Bakka)

Lagar skeiseis på fotballbanen

Brannvesenet og kommunen jobbar på spreng i kulda.

– Det er blitt prøvt før utan suksess, men me vil likevel gjera det me kan for å få det til nå. Målet er at det er blitt ein skeisebane her laurdag kveld, seier Øyvind Ljung i teknisk eining i Sauda kommune.

I fleire år har det lokale brannvesenet laga til skeisebane på tennisbanen i Åbøbyen. Også i år. Dette har vore ein stor suksess, men det islagte området har rett og slett blitt for lite for dei mange som ønsker å bruka skeisene sine på ein garantert trygg is.

– I dag, fredag, fekk me klarsignal frå kommuneleiinga til å laga is på ein firedel av grusbanen, fortel varabrannsjef Inge Seim.

Han håpar at slik «innlands-is» kan bidra til å førebygga livsfarleg ferdsel på islagt vatn og fjord.

Brannvesenet og kommunen sette straks i gang med prosjektet. Først bygde dei ein gruskant rundt det som skal bli skeisebanen, fraus denne, før dei la eit tynt vassgrunnlag oppå grusen. Når dette vatnet fraus starta dei arbeidet med å fylla på med tusenvis av liter med vatn. Den største utfordringa er, ifølge Ljung, at banen er noko ujamn.

Då Ryfylke var på staden rundt klokka 17 fredag kveld var det full aktivitet, og fleire slangar pumpa liter på liter med vatn inn på skeisebaneområdet. Planen er å fortsetta med vassarbeidet laurdag morgon.

– Til slutt skal me legga på litt varmt vatn som skal gjera isen blant og fin, seier Ljung.

Kor mykje vatn som må til er føreløpig uvisst, men truleg vil talet bli sekssifra.