Bildet er eit illustrasjonsfoto. Ingen personar blei tatt av snøskredet i Svandalen laurdag ettermiddag. Arkivfoto.
Bildet er eit illustrasjonsfoto. Ingen personar blei tatt av snøskredet i Svandalen laurdag ettermiddag. Arkivfoto.

Søk i Svandalen avslutta

Ingen personar tatt i snøskred ved Sauda Skisenter torsdag ettermiddag.

Det pågjekk ein leiteaksjon i Svandalen torsdag ettermiddag på grunn av eit snøskred.

Politiets operasjonssentral i Haugesund opplyste at dei sendte tilgjengeleg leitemannskap til staden og gjennomførte eit søk. Politiet visste ikkje da om det befann seg personar i skredet.

– Det er meir mannskap og lavinehundar på veg i helikopter. Det er også eit helikopter i Svandalen. Skredet blir karakterisert som stort. Det er omtrent 50 ganger 50 meter, sa politiets operasjonsleiar Trond Friberg til Ryfylke.

Skredet var ifølge Friberg sør-aust for Smalanuten. Det er også gjort utslag på skredsøkar i området.

– Det kan vere ein feilkjelde. Me veit ikkje om skredsøkarsignalet kjem frå raset. Det kan vere personar som har skredsøkar i området som sender ut signal, men som ikkje er i nød, opplyste Friberg.

Klokka 19.00 sendte politiet ut melding om at søket var avslutta utan funn. Politiet opplyste like etter at dei hadde vore i kontakt med ein person som kunne fortelle at han hadde utløyst skredet under off pist kjøring.