BESØKTE SOGELAGET: Jan Windsholt, spesialrådgivar hos kulturavdelinga til Rogaland fylkeskommune, meiner Sauda har mange viktige sentrumsbygg å ta vare på. Kva som skjer med det brannskadde bakeribygget og branntomta (på skjermen bak) er foreløpig uklart. Sist tysdag besøkte Windsholt Sauda og sogelaget. (Foto: Ingvil Bakka)

Saudas bygningsmix får ros

Åbøbyen har alltid hatt nasjonal kulturhistorisk interesse. Det har også Sauda sentrum, ifølge Riksantikvaren.

Riksantikvaren har i fleire år hatt Sauda sentrum og Åbøbyen i NB!-registeret. 75 norske byar er registrerte i denne databasen, som er ein oversikt over kva bymiljø som er verdt å ta ekstra godt vare på. Dei to områda i Sauda hamna for fleire år sidan på lista blant anna etter innspel frå Rogaland fylkeskommune.

Jan Windsholt, spesialrådgivar hos Rogaland fylkeskommune, er heilt tydeleg på at dei to byområda i Sauda fortener plassen på lista til Riksantikvaren. Då Windsholt talte under Sauda sogelag sitt temamøte om sentrum sist tysdag, karakteriserte han Sauda som ei arkitektonisk tidsboble. Han slo også fast at det er nettopp dei ulike byggestilane som er med på å gi byen identitet.

– Sauda kyrkje blei bygt i 1866. Omtrent på same tid blei kaien bygt, og det blei laga veg mellom kyrkja og kaien. Langs denne vegen grodde Sauda sentrum fram, forklarer Windsholt.

Han synest det er svært spennande å sjå korleis dei ulike byggestilane harvakse fram gjennom åra, og korleis Sauda sentrum har vore og er ei blanding av private bustader, forretningar og større institusjonsbygg som Rådhuset og Folkets Hus. Sauda sentrum har i dag både gamle trehus og større betong- og mursteinsbygg.