FORNØGD: Kjetil Rasmussen i Sauda Rørhandel er godt fornøgd med å ha vunne anbodsrunden for røyrarbeidet knytt til Folkets Hus. Verdien på oppdraget er rundt 20 prosent av den totale omsettinga deira for 2015. (Foto: Even Emberland)
FORNØGD: Kjetil Rasmussen i Sauda Rørhandel er godt fornøgd med å ha vunne anbodsrunden for røyrarbeidet knytt til Folkets Hus. Verdien på oppdraget er rundt 20 prosent av den totale omsettinga deira for 2015. (Foto: Even Emberland)

Fekk millionjobb – aukar staben

Sauda Rørhandel fekk tilslaget på røyrarbeidet knytt til Folkets Hus, til ein verdi av 1,4 millionar kroner. For heile fjoråret var omsettinga deira 7,7 millionar kroner.

Kjetil Rasmussen er dagleg leiar i Sauda Rørhandel, som sidan dei omorganiserte eigarstrukturen i 2013 har levert grøne tal og fleire hundre tusen kroner i overskot kvart rekneskapsår. I fjor var den totale omsettinga 7,7 millionar kroner, noko som gav eit plussresultat på 825 000 kroner.

Med ei slik årsomsetting er røyrarbeidet på Folkets Hus, til ein verdi på rundt 1,4 millionar kroner av stor verdi. Det er rundt 18 prosent av totalomsettinga deira i 2015. Kombinert med at dei har og får mykje anna å gjere den kommande tida, gjer det at Sauda Rørhandel nå kjem til å auke bemanninga.

– Me tilsette ein ny lærling i dag, onsdag. Han begynner 1. november hos oss. I tillegg vurderer me å ta inn hjelpearbeidarar om me får behov for det utover hausten, seier Rasmussen.

Sjølv med grøne tal og ein god ordrereserve, har Sauda Rørhandel hatt mindre å gjere denne hausten enn tidlegare. Difor passar det naturlegvis godt for firmaet å sikre ein storjobb dei tar sikte på å starte med før desember.

– Det går bra med oss, og me har heile tida hatt nok arbeid, sjølv om det har vore litt mindre travelt i september i år samanlikna med tidlegare. Normalt sett er januar, februar og mars dei rolegaste månadene, og då passar det bra om me kan gjere alt det tekniske opp mot Folkets Hus i løpet av vinteren, forklarer Rasmussen.

Han opplyser at Sauda Rørhandel i dag har rundt fire millionar kroner i ordrereserve for det kommande året, og at dei ventar på svar på fleire større anbod, som til saman har ein verdi på rundt to millionar kroner.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.