ALLTID PÅ JOBB: Glasfabrikkens mest trufaste arbeidar, Leif-Stian Thomassen (til venstre), plassjef Lars Sigve Søndenå og dei 43 andre tilsette ved glasfabrikken har nå tatt velfortent juleferie. (Foto: Ingvil Bakka)
ALLTID PÅ JOBB: Glasfabrikkens mest trufaste arbeidar, Leif-Stian Thomassen (til venstre), plassjef Lars Sigve Søndenå og dei 43 andre tilsette ved glasfabrikken har nå tatt velfortent juleferie. (Foto: Ingvil Bakka)

Møt mannen utan sjukefråvær

Leif-Stian Thomassen har jobba over 19,5 år ved glasfabrikken. Ikkje éin einaste dag har han meldt seg sjuk.

– Eg er oppvaksen i Saudasjøen, bur i Saudasjøen og jobbar i Saudasjøen. Det må vera den gode Saudasjøen-lufta som speler inn, seier Leif-Stian Thomassen.

I 2012 hadde Leif-Stian Thomassen jobba 15 år ved glasfabrikken Saint Gobain Bøckmann i Saudasjøen. Då han skulle heidrast for jubileet dette året, oppdaga leiinga at det ikkje var registrert eit einaste sjukefråvær på han.

– Etter dette har me følgt med på han. Nå, under julelunsjen torsdag før jul, markerte me at han har jobba her over 19,5 år utan å vere vekke frå jobb på grunn av sjukdom, seier plassjef Lars Sigve Søndenå.

Det var tysdag 6. mai 1997 at Leif-Stian Thomassen hadde sin aller første arbeidsdag ved glasfabrikken, som då bar namnet SI-Glass. Opp gjennom dei snart 20 åra som har gått har Thomassen jobba på fleire ulike avdelingar ved bedrifta, og han har vore innom både to- og tre-skiftsplanar. Dei siste fem-seks åra har han hatt sin faste arbeidsplass på dagtid ved laminatavdelinga.

– Leif-Stian har ein tung jobb, med mykje løfting. Det er imponerande at han alltid har møtt opp på jobb, uansett form. Eg har sett at han nokre gonger ikkje har vore heilt i slaget, men han kjem alltid på jobb likevel, seier Søndenå.

Sjølv meiner Thomassen, som nyleg runda 40 år, at han må vera heldig med helsa.

– Eg er faktisk aldri sjuk. Og, nei, eg gjer ikkje noko ekstra eller trener for å halda meg i form heller. Det er trim nok å jobba her, seier han smilande.

At han kvar einaste dag møter på jobb, uansett form, tyder også på at han liker jobben sin.

– Ja, eg trivst tydelegvis. Men det går også mykje i gamle vanar. Eg må jo på jobb, seier han nøkternt.

Plassjef Søndenå rosar innsatsen til Thomassen, som aldri er vond å be om ein må ta i eit ekstra tak.

– Av og til har me det ekstra travelt og må ha folk på overtid. Leif-Stian er ”fast inventar” når me kjører overtid, seier han.

Les meir i papiravisa eller last ned eavis her