42 000 besøkande var innom biblioteket i Sauda i løpet av 2016. Dette er 15 prosent fleire enn i 2015, då besøkstalet var 36 500. Det var i april 2014 at biblioteket flytta inn i dagens lokale på gateplan ved Sauda kino. Då var besøkstalet 32 000, men biblioteket heldt det året stengt nokre veker då dei flytta ut av lokala som var i 2. etasje over brannstasjonen.
– Biblioteket er så mykje meir nå, enn kva det var før. I tillegg til utlån er det også ein møteplass. Mange er innom bare for å lese aviser, og barn kjem etter skuletid for å spele Playstation og dataspel, seier biblioteksjef Ingunn Kalvik.
Blant anna har ho merka ein stor auke i besøket frå flyktningar. På biblioteket er det både Playstation, seks PCar og kopimaskin som dei besøkande kan bruke.
– Me bruker nokre ressursar på å hjelpe flyktningar, blant anna kopiering av papir som dei skal sende inn til UDI, seier Kalvik.
Biblioteket fungere derfor også som ein arena for integrering i Sauda.
– Utlånet på biblioteket har ikkje auka. På landsbasis går utlån ned, opplyser ho.
Biblioteksjefen arbeider nå med å finne ut kor dei skal redusere opningstidene. Under kommunestyrets budsjettbehandling i forrige månad blei det vedtatt å kutte 0,4 årsverk ved biblioteket.
– Me må redusere opningstidene. 0,4 årsverk er mykje for oss. I 2014 kutta me 0,2 årsverk, seier Kalvik.
Budsjettvedtaket betyr at biblioteket blir redusert frå 2,2 årsverk til 1,8 årsverk.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her