Tysdag og onsdag denne veka fullførte ein asfalteringsarbeidet i Åbødalsveien og i Wergelandsveien. Dermed sette ein strek for vatn- og avløpsprosjektet som blei starta i fjor haust.
Med prosjektet har vegen blitt breiare, fortaua restaurerte og breiare, og det er lagt original og ny granittstein og rennestein langs vegen for gi området utsjånaden det hadde langt tilbake i tid.
Jan Ringstrand har budd heile livet sitt i Åbøbyen. Onsdag var han og leiar i Sauda sogelag, Aslaug Astad, i Åbøbyen for å sjå resultatet av arbeidet. Begge uttrykte begeistring.
– Det har blitt knallflott, rett og slett. Nå har området blitt slik det har vore frå gammalt av. Og når du ser på alt som er gjort i tillegg, med oppgradert vatn og avløp, breie fortau, kantsteinen og alt, ja, det gjer jo området meir attraktivt på alle måtar, meiner Ringstrand.
Gjenbruk av gammal stein
Han får støtte frå Astad, som onsdag var ved gamle Grand kolonial, der Åbødalsveien og Wergelandsveien og Odinsveien møtest, for første gong på lenge på grunn av veg- og byggearbeidet som har vore i området det siste året.
– Det ser veldig fint ut! Det må eg seie, det har blitt eit veldig pent kryss. Eg synest krysset har blitt ein veldig fin inngangsportal til Åbøbyen, for Åbøland er jo ikkje del av Åbøbyen. Det er svært positivt at dei har tenkt og jobba for å behalde kastanjetreet, og så er det veldig fint med steinane dei har grove fram og lagt etter gammalt, seier Astad.
Rennesteinen som er lagt langs kantsteinen, er ny. Sauda kommune har tatt vare på den gamle rennesteinen for å bruke den i mindre, framtidige prosjekt i Åbøbyen. Granittkantsteinen er ei blanding av ny og original stein.
– Fordyrande å sette tilbake
Vatn- og avløpsingeniør i Sauda kommune Arve Ripland opplyser at vatn- og avløpsprosjektet i Åbødalsveien og i Wergelandsveien er eit timillionarsprosjekt, inkludert arbeid med å utbetre straum og fiber i området. I tillegg kopla Sauda Fjernvarme seg på prosjektet undervegs for å grave ned fjernvarmerøyr.
– Ser du prosjektet frå mi side, så har det jo vore fordyrande å sette området tilbake i gammal stand. Me lova fylkesantikvaren før me starta at me skulle tilbakestille alt me fann, og etter kvart som me grov oss ned, fann me mykje granittkantstein og rennestein. Men eg synest det er veldig kjekt at me har gjort det, for nå har det blitt slik det originalt har vore. Eg synest det har blitt eit veldig løft for heile området. Wergelandsveien må jo vere Sauda sin finaste blindveg nå, seier Ripland.
VA, straum, fiber og fjernvarme
VA-prosjektet blei starta tidleg i fjor haust, særleg fordi det var eit stort behov for å fornye drikkevassystemet og skifte vassleidning i nedre del av Åbødalsveien. Nå er det lagt ned vassleidning som skal halde for dei neste hundre åra.
Opprinneleg planla kommunen å vere ferdige med prosjektet til sommarferien i år.
– Det har tatt lenger tid enn me såg føre oss. I utgangspuntket skulle me vere ferdige til fellesferien. Grunnen til at det tok lenger tid, er hovudsakleg at dette ikkje var eit VA-prosjekt aleine. Det har blitt gjort masse arbeid med straum og fiber, og i tillegg kom fjernvarmeprosjektet. Det har òg vore enorm byggeaktivitet i området, og det har også vore ein faktor med tanke på tidsbruken, forklarer Ripland.
Brødrene Selvik har hatt størstedelen av arbeidet i Åbødalsveien og i Wergelandsveien sidan i fjor haust. Arnt Øystein Amdal har vore stadleiar for entreprenøren. Han opplyser at dei heile tida har hatt fem-åtte personar på prosjektet.
– Nå kan me seinke skuldrane litt. Det er veldig fint å vere ferdig, og eg må jo seie at eg synest det har blitt veldig fint. Mot slutten av slike prosjekt er det alltid ein kamp og mykje som skjer, men me har klart å lande det greitt, seier Amdal.
Fartsgrense 30
Blant utbetringane prosjektet har gitt, er at Åbødalsveien har blitt betydeleg breiare og beinare frå gamle Grand kolonial og ned til utkøyring på Fylkesveg 520. Her er det også lagt breie fortau på begge sider av vegen, slik at ein vinterstid kan brøyte og gjere det enklare for mjuke trafikantar.
– Det som kan vere ei utfordring med ein sånn veg nå, er å halde fartsgrensa på 30 kilometer i timen. Eg merka det sjølv då eg køyrde rundt her i går, då måtte eg tenke og vere bevisst heile tida for å ikkje køyre for fort. Det er eit område kor det går mange skuleelevar, så me ber folk vere obs på fartsgrensa. Eg har òg vore i kontakt med politiet og bede dei om å følge ekstra med, seier Ripland.