Vilmer Teig har hatt pianoundervisning med Inna Mazurova i halvanna år. I helga vann han tredjeplassen i ein internasjonal pianistkonkurranse. Foto: Privat.
Vilmer Teig har hatt pianoundervisning med Inna Mazurova i halvanna år. I helga vann han tredjeplassen i ein internasjonal pianistkonkurranse. Foto: Privat.

Vilmer på tredjeplass

Sjuåringen frå Sauda fekk ros for sitt uvanlege låtval under konkurransen i Tyskland.

– Eg synest det var veldig bra med tredjeplass. Eg var ikkje nervøs, seier Vilmer Teig.

Sjuåringen kom laurdag på tredjeplass i ein internasjonal konkurranse for unge pianistar. Konkurransen, som er for pianistar mellom seks og tolv år, blei gjennomført på den internasjonale musikkskulen i Berlin.

Vilmer reiste til Tyskland fredag, saman med pianolærar Inna Mazurova og mamma Kristin Løvaas. Vilmer sjølv gjekk høgt ut og hadde god trudde på siger. Likevel, ein tredjeplass blant heile 35 deltakarar frå ei rekke ulike nasjonar, er som ein stor siger å rekna.

– Ifølge Inna var det eit heilt ekstremt høgt nivå på deltakarane. Me sat og høyrde på dei andre, og blei både nervøse og veldig spente, seier Løvaas.

Det var rett nok bare pianolæraren og mammaen som blei nervøse, Vilmer var slett ikkje nervøs då han skulle opptre framfor eit stort internasjonalt publikum.

Vilmer gjekk på scenen i 18-tida laurdag, og framførte ”The Entertainer” av Scott Joplin og ”Le coucou” av Louis Claude Daquin. Ifølge dommarane var dette eit modig val.

Dei aller fleste andre deltakarane hadde nemleg valt typiske klassiske verk av for eksempel Mozart, Beethoven og Bach. Dette gjorde at sjuåringen frå Sauda skilde seg ut i mengda, med sitt val av meir moderne musikk.

– Dommarane gav han ros for dette, han spelte lett og ledig, spesielt gjekk det strålande på ”The Entertainer”. Totalt hadde han, ifølge dommarane, ein veldig fin opptreden, fortel Løvaas.

Vilmer deltok i klassen for dei mellom seks og ni år. Deltakarane fekk poeng basert på framføring, kor gamle dei er og kor lenge dei har hatt pianoundervisning. Vilmer har hatt pianoundervisning i halvanna år. Klokka 19.30 laurdag kveld blei det klart at den unge saudabuen kapra tredjeplassen i 6-12-årsklassen.

Totalt var heile 14 nasjonar representert i konkurransen for pianospelande barn mellom seks og tolv år.

Vilmer og mamma Kristin Løvaas kjem heim til Sauda i dag, måndag,