Planen er å få på plass fire oppstillingsrekker, med til saman 75 parkeringsplassar. Området ligg mellom Ryfylke elektro og ”Metodisten” og Musikkpaviljongen. Foto: Ingvil Bakka.
Planen er å få på plass fire oppstillingsrekker, med til saman 75 parkeringsplassar. Området ligg mellom Ryfylke elektro og ”Metodisten” og Musikkpaviljongen. Foto: Ingvil Bakka.

Ja til meir sentrumsparkering

Men rådmannen fekk kritikk for saksframgangen, der administrasjonen søker om dispensasjon lenge etter at arbeidet med å utvida parkeringsplassen er påbegynt.

– Gjeld ikkje denne saka området der ein har jobba med utvidingar i fleire månader? spurde Senterpartiets Kristine Espeland sarkastisk, då ho som førstemann tok ordet under denne sakas debatt i formannskapet onsdag.

Saka bar namnet ”Søknad om dispensasjon om opparbeiding av parkeringsplass – gnr. 28 bnr 458 – Kyrkjegata. Dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan.”

75 oppstillingsplassar

Arbeidet med å utvida og opparbeida meir parkeringsplass i Kyrkjegata, i området mellom Ryfylke Elektro og Musikkpaviljongen, har nemleg pågått i fleire veker alt. Området er utvida ned mot Ryfylke Elektro, og det er gjort bergreinsking, graving og utvidingar i området bak ”Metodisten” og paviljongbygget. Målet er å få på plass heile 75 oppstillingsplassar, inkludert ladestasjonar for elbilar, og lysmaster. Delar av plassen, som før har vore eit gruslagt og lyslaust område, har dei siste åra blitt brukt som ein offentleg parkeringsplass. Før har det også vore oppstillingsplass for blant anna tivoli.

Kritisk til saksgang

Utvidinga av området og opparbeidinga av meir parkeringsplassareal i området som i den gjeldande reguleringsplanen er sett av til grøntområde, krev dispensasjon. Politikarane fekk dispensasjonssøknaden til behandling først onsdag denne veka. Også Høgres Dagfinn Birkeland syntes dette var i det seinaste laget.

– Korleis kan ein komma med ein slik søknad først nå, nå arbeidet nesten er ferdig? Kva om me politikarar seier nei nå? Denne saksgangen er heilt på bærtur, sa han oppgitt.

Rådmann Rune Kloster Tvedt innrømma at ein mulegens burde vore tidlegare ute med søknaden.

– Men så lenge søknaden kjem før formålet trer i kraft, ser eg ikkje problemet med denne saksgangen, svarte han.

Dagfinn Birkeland ville ikkje la rådmannen sleppa unna med eit slikt svar.

– Dette svaret frå rådmannen: Vil det også vera gjeldande for andre som treng dispensasjonar? Er det bare å setta i gang, og søka etterpå? Dette er ikkje greitt. Eg støttar forslaget om å gi dispensasjon, men heile saksgangen her liker eg dårleg. Og at rådmannen seier at saksgangen er ok er heller ikkje bra, sa Birkeland, tydeleg irritert.

Det blei ikkje svara vidare på denne kritikken.

Fleire ladestasjonar

Ifølge sakspapira skal det nye parkeringsområdet ha plass til 75 bilar. Blant desse skal det vera to handikapplassar og fleire elbilladestasjonar. I innstillinga er det ført opp 12 Tesla supercharger på 120 kW, og éin Fortum lynladar på 150 kW, éin Fortum hurtigladar på 50 kW og ein Fortum ladestolpe på 2 x 22 kW, pluss fire lysmaster.

I formannskapsmøtet kom det fram at det neppe blir noko av Tesla-ladestasjonane.

–Tesla har sagt nei til å setta opp ladestasjonar i Sauda. Sjølv om det er langt til dei næraste Tesla-ladestasjonane, føler dei at marknaden i Sauda er for liten, då med tanke på blant anna vinterstengt veg over fjellet, forklarte kommunalsjef Andreas Fløgstad.

Rådmannen sitt forslag om å gi utvidingstiltaket dispensasjon frå reguleringsplanen blei til slutt einstemmig vedtatt.