Formannskapet, administrasjonen, utbyggar og naboar var på synfaring på Åbø onsdag. Saka engasjerte alle partar sterkt. På bildet ser me området i Griegs gate der Ryfylke Bygg må setta av areal til ein muleg framtidig gang- og sykkelveg. Foto: Ingvil Bakka.
Formannskapet, administrasjonen, utbyggar og naboar var på synfaring på Åbø onsdag. Saka engasjerte alle partar sterkt. På bildet ser me området i Griegs gate der Ryfylke Bygg må setta av areal til ein muleg framtidig gang- og sykkelveg. Foto: Ingvil Bakka.

Sa ja til nybyggingar på Åbø

Men formannskapet forkasta administrasjonen sitt ønske om ny sykkelsti i området.

– Me må lytta til dei som bur der og dei som vil bygga. Me må ikkje gjera det så vanskeleg at me drep all entusiasme for nye ting, sa Høgres Dagfinn Birkeland då formannskapet diskuterte saka i sitt møte onsdag.

Like før debatten i kommunestyresalen hadde formannskapet og fleire representantar frå kommuneadministrasjonen, frå utbyggar og naboar i området vore på synfaring i det aktuelle området på Åbø.

Omstridt forslag

Ryfylke Bygg har kjøpt fleire tomter i Åbø-området, der dei ser føre seg å bygga både einebustad og leilegheitsbygg. I tillegg har også ein privatperson ei tomt der og vedkommande planlegger husbygging. I høyringsprosessen har både utbyggarar og naboar til tomtene blitt einige om vegløysingar, men kommuneadministrasjonen valde i sitt forslag til vedtak å også legga inn ein gang- og sykkelveg i området. Ein av naboane får då sykkelvegen på eigedommen sin, rett framfor hagen, og har klaga på sykkelveg-forslaget. Huseigaren, som bur inst i ein blindveg, har godtatt andre vegløysingar rundt huset sitt, og signaliserte at dei er lite interessert i at dei får vegar rundt seg på alle kantar.

Administrasjonen ønska ein gang- og sykkelveg, som frå blindvegen på Åbø kunne kopla seg på området til Sauda vidaregåande skule og Griegs gate. Ein såg føre seg at nødetatar, renovasjonsbil og brøytebil kunne bruka sykkelvegen.

Stilte spørsmål om behov

Under synfaringa blei det lansert forslag om å eventuelt legga den tenkte gang- og sykkelvegen lenger ned i skråninga mot Nordelva, slik at denne kan fortsetta i skråninga opp til skulebrua. Kor langt ned på Åbø gang- og sykkelstien skulle kunna gå i skråninga ned mot ”fengselstomta” var meir uvisst. Under synfaringa stilte fleire av politikarane og huseigaren også spørsmål til om det verkeleg var behov for ein gang- og sykkelsti i området, når elevar og andre enkelt kan bruka Griegs gate og komma seg ned frå skulebrua- og skuleområdet til Åbødalsvegen og vidare ned mot sentrum.

La fram endringsforslag

Då formannskapet samla seg til debatt i kommunestyresalen, enda det med at ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) la fram eit endringsforslag. I endringsforslaget var administrasjonen sitt forslag om at tiltakshavar Ryfylke Bygg opparbeider ein kjørbar gang- og sykkelveg, med minst éi låsbar sluse, og som kan brukast av nødetatar, stroke.

I staden for blei ordlyden i vedtaket slik: ”Tiltakshavar setter av areal til kjørbar gang- og sykkelveg i nordenden av 32/446 og 32/447. Tiltaket skal kunne utførast etter gjeldande standard for gang- og sykkelvegar, med minimum 3 m breidde og belysning klasse P4.”

Dette betyr at Ryfylke Bygg må setta av noko areal i tomtegrensa si langs Griegs gate til at ein eventuell framtidig gang- og sykkelveg i skråninga langs Nordelva kan kopla seg på Griegs gate. Med denne løysinga forblir vegen inn på Åbø ein blindveg, og nødetatar, renovasjonsbilar og brøytebilar må snu inne på området og kjøra same veg ut igjen til Åbødalsvegen.