Folkets Hus.
Folkets Hus. FOTO: Frank Waal.

Folkets Hus ikkje til finalen

Tre av dei sju bygga i semifinalen er valt ut som finalistar. Folkets Hus er ikkje blant desse.

Kulturhuset Folkets Hus var éin av sju byggverk som på forsommaren kom til semifinalen i kåringa ”Statens pris for byggkvalitet”. Etter at juryen har besøkt alle dei sju semfinalistane, er tre av byggverka nå tatt ut til finalen. Folkets Hus er ikkje blant desse tre finalistane.

Mat- og merkevarehuset på Grünerløkka, Nye Ålgård sentrum og Bygdebox på Stokkøya i Trøndelag er dei tre finalistane.

I årets konkurranse er det gjenbruk av bygg og område, som står i fokus. Totalt 82 forslag blei vurdert og der Kulturhuset Folkets Hus i Sauda blei plukka ut som éin av dei sju semifinalistane. Det var gjenbruk av Folkets Hus i kombinasjon med det nye kulturhusbygget som vakte begeistring for Kulturhuset Folkets Hus, pluss at det låg stor dugnadsinnsats bak, både under restaureringa av Folkets Hus og da bygget blei reist og opna i 1931.

Kven av dei tre finalistane som får ”Statens pris for byggkvalitet” blir avslørt under Byggkvalitetsdagen i Oslo 25. september. Det er kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som vil dele ut prisen.

”Statens pris for byggkvalitet” er ein heiderspris som skal løfte fram nye forbildebygg som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet lokalt og nasjonalt.