SV gjorde eit bra val og fekk 5,8 prosent oppslutning. Nå sit dei med nøkkelen for korleis formannskapet blir sjåande ut. Deira listetopp Øyvind Grassdal og partiet må finne ut om dei vil samarbeide med Ap eller Høgre, og korleis dei veg kva dei får ut av eit eventuelt samarbeid.
SV gjorde eit bra val og fekk 5,8 prosent oppslutning. Nå sit dei med nøkkelen for korleis formannskapet blir sjåande ut. Deira listetopp Øyvind Grassdal og partiet må finne ut om dei vil samarbeide med Ap eller Høgre, og korleis dei veg kva dei får ut av eit eventuelt samarbeid. FOTO: Ingvil Bakka

Formannskapet: SV sit med nøkkelen

Sp og KrF har til saman fem plassar. Dei to siste forhandlar Ap, Høgre og SV om.

Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har inngått eit valteknisk samarbeid for det nye kommunestyret. Det gir dei til saman tolv representantar i kommunestyret, og fem av sju plassar i formannskapet.

Dei to siste er det opp til Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti å finne ut av. Korleis det endar er uvisst. I utgangspunktet får Arbeidarpartiet og Høgre kvar sin plass.

Om Ap og SV samarbeider, får dei begge plassane, medan Høgre står att tomhendt. Om Høgre og SV samarbeider får dei til saman éin plass, medan Ap også får éin plass. Dermed er det SV som sit med nøkkelen og avgjer kven som skal mønstre dei to siste plassane i formannskapet.

– I posisjon til å kreve plassen

Torsdag før Ryfylke blei sendt til trykkeriet var det ikkje avklart kva som blir resultatet.

– Me skal ha eit medlemsmøte i kveld (torsdag), og deretter skal me ha eit formelt forhandlingsmøte med Ap. Slik me vurderer det nå, så heller me mot eit samarbeid med Ap kor dei får begge plassane i formannskapet og me får første vararepresentant. Men dette blir også avhengig av kva Ap vil gi oss av posisjonar og roller i andre utval. Me står i forhandlingsposisjon til å kreve den eine formannskapsplassen om me samarbeider med Ap. Dei må gjere oss fornøgde for at me skal gi plassen frå oss. Det er ikkje sånn at dei bare får han servert av oss, det er ikkje aktuelt, seier Øyvind Grassdal, som blir SV sin representant i det nye kommunestyret.

Ryfylke snakka med Grassdal igjen seinare torsdag. Då kunne han opplyse at Høgre har tilbode formannskapsplassen til SV og Grassdal sjølv, og at Høgre får første varaplass.

– Det blir opp til medlemsmøtet i kveld å avgjere kva som skjer vidare og kven me eventuelt vil samarbeide med. Me er opne for moglegheitene på begge sider, seier Grassdal.

Ap snusar på to plassar

Uavhengig av kva Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti fann ut av torsdag kveld, så vil ikkje Ap ta ei endeleg avgjerd før på eit medlemsmøte tysdag i neste veke.

– Me snusar på moglegheita, men me er ikkje i mål med forhandlingane. Overfor Høgre og Dagfinn Birkeland (listetopp for Høgre, journ. merk.) har eg vore tydeleg på at me ser det naturleg å søke samarbeid med SV, med tanke på at dei ideologisk ligg oss nærmast, seier Hallgeir Amdal, som var Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat til valet.

Amdal utgjer saman med andrekandidat Siv Hege Lund og Laura Seltveit forhandlingsutvalet til Ap.

– Kva konkret forhandlar de om, dei to plassane, varaplassar eller begge delar?

– Eg vil ikkje seie så mykje om det, eg kan ikkje forhandle gjennom media. Men som du er inne på, så er alternativa éin eller to plassar for Ap. Og skal me ha to plassar, så må me sjølvsagt forhandle om varaplassar, seier Amdal.

Høgre risikerer svarteper

Om Ap og SV finn saman, sit Høgre igjen med svarteper i forhandlingane om formannskapsplassane. Det kan gi eit formannskap kor det tredje største partiet i Sauda ikkje er representerte, verken på fast plass eller som vararepresentant. Dagfinn Birkeland er spent på kva SV endar opp med å gjere.

– SV sit med nøkkelen. Det er heilt klart. Det er dei som bestemmer korleis dette skal sjå ut, seier Birkeland.

– Kva betyding har det for Høgre å ha plass i formannskapet kontra å ikkje ha det?

– Eg meiner det generelt er viktig, også for dei som sit i posisjon. Har du eit formannskap kor du har 100 prosent einigheit, så er det vanskeleg å belyse vanskelege sider av ulike saker. Å få fram kritiske røyster og synspunkt frå ein annan vinkel meiner eg er ein vinn-vinn-situasjon for alle som kan bidra til å finne dei beste løysingane. Det er litt som at viss du på privaten kun diskuterer med ein som alltid er einig med deg, så veit du kva svar du får på førehand. Diskuterer du med ein som er ueinig med deg, så kan du få meir nyanserte svar. Difor meiner eg det er gunstig å ha eit breiast mogleg kommunestyre og formannskap, seier Birkeland.