Ungdomsrådet inn i ei ny tid

Førre veke var det nye ungdomsrådet i Sauda samla til konstituerande møte. Det nye rådet får nye og lovfesta rettar som gir reelt høve til medverknad på den politiske arenaen lokalt.

Hausten 2019 tredde ei ny kommunelov i kraft. Her blir alle kommunar og fylkeskommunar pålagt å oppretta ungdomsråd. Dette vil i seg sjølv ikkje føra til noko endring, då Sauda alt har hatt ungdomsråd i nokre tiår. I juni i år blei det imidlertid vedtatt ei forskrift som skal sikra at ungdomsråd, eldreråd og funksjonsnedsettes råd ei reell medverknad i saker som vedgår dei. Når ordførar Asbjørn Birkeland uttaler til Ryfylke at kommunen har som mål å bli flinkare til å involvera ungdomsrådet i forkant av saker, er dette sjølvsagt ei underdriving, all den tid forskrifta pliktar kommunen til å ta dei unge med på råd i saker som vedkjem dei.

Forskrifta pålegg kommunestyret å etablera rutinar som sikrar at råda mottar sakene på eit så tidleg tidspunkt at uttalane har mulegheit til å påverka utfallet av saka. På denne måten vil råda kunna hjelpa kommunestyrepolitikarane med andre perspektiv på viktige saker – frå grupperingar som gjerne veit betre kor skoen trykkar enn dei som skal avgjera saka.

Alt i vår sende Sauda kommune eit viktig og godt signal til sine framtidige ungdomsrådspolitikarar. Frå å vera med på «kjøt og flesk», og med skulefri som løn for strevet, vedtok kommunestyret at også dette politisk valde organet skal godtgjerast økonomisk. Sannsynlegvis har dette bidratt positivt til at det denne gongen ikkje var vanskeleg å finna kandidatar til rådet, og at det faktisk var kamp om leiarvervet. Med forskrifta som sikrar medverknad på toppen, går ungdomsrådet nå for alvor inn som ein del av det lokale demokratiet.

Samtidig med at ungdomspolitikarane både får godtgjering og betre høve til medverknad, følgjer eit ansvar. Skal ein uttala seg i viktige saker og forventa å bli høyrt, må ein setta seg inn i saka og eventuelle konsekvensar av utfallet. Med haldningar som går på at det er meir heft enn glede ved å hoppa over skuletimane medan rådsmøta føregår, signaliserer i alle tilfelle ungdommane ei ansvarleg haldning som lovar godt med omsyn til å skjøtta vervet i ungdomsrådet.

I sitt neste møte skal ungdomsrådet gi seg i kast med ei av dei mest kompliserte og utfordrande sakene politikken har å by på – kommunebudsjettet. Det blir spennande å følga rådet sitt arbeid med både denne og andre saker som vedgår den yngre garde av saudabuar i tida som kjem. Ikkje minst blir det spennande å følga med på om kommunestyret velger å la ungdomsrådet sine tilrådingar få gjennomslag.