Innsatsen blei lagt merke til

Som ei følge av den store straumen av flyktningar inn i Europa og Norge i 2015, blei det i desember 2015 etablert eit eige asylmottak i Sauda. På bare nokre få månader måtte det kommunale tenesteapparatet, særleg helsesektoren, førebu seg så godt dei kunne på å ta seg av menneska som var på veg. Mange av dei som søkte beskyttelse i landet kom frå eit krigsherja Syria, og det var knytt stor uvisse til i kva forfatning desse kunne vera.

I dag, fire år seinare, er einingsleiar ved Sauda legesenter, Olivia Obtinario, invitert til EU-kommisjonen sin migrasjonskonferanse for å snakka om korleis Sauda tok imot asylsøkarane som kom til mottaket i kommunen. Her vil ho fortella korleis lokalsamfunnet førebudde seg på innrykket og korleis helsevesenet handterte helseundersøkingar og vaksinering av dei nykomne.

Erfaringane Sauda og 84 andre kommunar gjorde under den store asylsøkarstraumen i 2015/2016, gjorde at Olivia Obtinario lanserte idèen om eit eige helsekort for aylsøkarar.

Helsekortet ville både redusera påkjenningane for innehavaren, som ville sleppa å gjennomføra same testen fleire gonger, og samfunnet for kostnadene til å gjennomføra desse.

Det er garantert ikkje tilfeldig at det er Olivia Obtinario frå Sauda som blir headhunta av Folkehelseinstituttet for å fortella om korleis lokalsamfunnet tok imot asylsøkarstraumen. Både saudasamfunnet si inkludering av asylsøkarane og Obtinario sitt engasjement for å betra oppfølginga av helsa deira er tydeleg lagt merke til langt utanfor kommunegrensene.

Ein skulle naturlegvis ønska at fleire av dei som har kome til Sauda kunne funne seg jobb her og blitt verande. Ein avgrensa arbeidsmarknad med få ledige jobbar forringar likevel ikkje den jobben saudabuen generelt og helsevesenet i kommunen spesielt gjorde for å ta imot alle dei som kom hit til asylmottaket.

Det var naturleg nok knytt stor spenning til korleis saudasamfunnet ville reagera på nyheita om etablering av eit asylmottak den gongen for fire år sidan. I eit fullstappa folkemøte i kinosalen i november 2015, tok imidlertid ein tidlegare kommunepolitikar og hotelleigar ordet. Han oppmoda saudabuen om å ta imot dei med eit smil og ei utstrekt hand, og lurte vidare på kor ein skulle henvenda seg om ein ville hjelpa til. Den solide applausen som følgde sa alt om saudabuen sitt hjartelag.