I sommar gav Kunnskapsforlaget ut ei nynorsk ordliste som fortener omtale. Dei som står bak utgjevinga er «Nettverket for tydeleg og enkel nynorsk», skipa i 2012. Redaktør er Arvid Langeland.
Bakgrunnen for ordlista ligg i den språpolitiske situasjonen i landet som kort kan skisserast slik: Etter ein dryg hundreårsperiode der offisiell norsk språkpolitikk var å smelta saman nynorsk og bokmål til eit samnorsk og som førte til rettskrivingsendringar i 1917, 1938 og 1959, sette Stortinget ein stoppar for slik tilnærming i 2002. Dette førte til at styresmaktene vedtok ny rettskriving for bokmål i 2005. For nynorsken gav Stortinget i 2009 klarsignal til Språkrådet om å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk utan sideformer. Resultatet blei ei norm, som tok til å gjelda 1. august 2012, men som korkje er tydeleg, enkel eller stram, og som opnar for større tilnærming til bokmål enn nokon gong i nynorsken si soge. Behovet for ei ny ordliste som makta å forenkla og strama inn i samsvar med dei uttrykte intensjonane i 2009, var såleis klårt til stades. Og no er altså ei slik ordliste komen.
Ho gir ei tradisjonell og einskapleg norm. I føreordet står det at dette er ei ordliste for alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk, og at ho er tufta på den tanken at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med svensk, dansk og bokmål. Ordlista byggjer i hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til juli 2012, men der former frå 1917 og frametter som blei tekne inn i nynorsken med overordna føremål å tilnærma nynorsk til bokmål, er fjerna.
For dei som ønskjer å skriva enkel og tydeleg nynorsk, ser eg denne ordlista som verdfullt og viktig hjelpemiddel som bør bli fast inventar på arbeidsborda til kommunar, skular, nynorspraktiserande avisfolk og mange fleire.