To steg tilbake for Svandalsfossen

Når fylkeskommunen ved årsskiftet overtar ansvaret for drift og vedlikehald av fylkesvegane, følger det naturleg nok med nokre uløyste utfordringar på lasset. Ei av desse ligg langs Fylkesveg 520 og heiter Svandalsfossen.

Arbeidet med å sikra framkome gjennom fossen har dei siste åra fått ny aktualitet. Fleire flaumtilfelle har ført til situasjonar der Sauda i praksis har vore isolert frå omverda, med dei konsekvensane dette fører med seg. Særleg når det gjeld helseberedskap er lokalsamfunnet svært sårbart når vinter og skodde stenger sjø- og luftvegen og dei buldrande vassmassane gjer det umuleg å passera fossen i bil.

Inntil nyleg var signala frå vegeigar Rogaland fylkeskommune positive når det gjaldt trafikkproblema ved fossen. Dåverande leiar i samferdselsutvalet, ølensbuen Arne Bergsvåg (Sp), var tydeleg på at tida var overmoden for å finna ei løysing og hadde politisk fleirtal i ryggen for å stilla fylkeskommunale midlar til rådvelde for å sikra dei vegfarande. Utprøving og utgreiing av mulege tiltak blei sett i gang. Og så kom fylkestingsvalet.

Samtidig som Statens vegvesen gjer seg klar til å avslutta sitt virke som drifts- og vedlikehaldsansvarleg for fylkesvegane, er det kome til nye kostar som skal styra samferdselspolitikken i Rogaland. Det treng ikkje å vera godt nytt for saudabuen.

Rett nok vil det komma på plass kortsiktige tiltak i form av leielys i løpet av våren, samtidig som at den flyttbare tunelløysinga til sandnesfirmaet RoadCap framleis blir vurdert som ei muleg løysing. Den nye leiaren i samferdselsutvalet, Alexander Rügert-Raustein (MDG) frå Randaberg heller isande kaldt fossevatn i blodet til saudabuen. I dagens avis slår han fast at det ikkje er sikkert at det vil komma noko endeleg løysing på flaumproblema gjennom fossen. Og at ein kanskje må leva med at vegen er stengt nokre gonger i året.

Uttalane til den nye samferdselsleiaren signaliserer ei haldningsendring og ei defensiv innstilling det er tungt å svelga for alle oss som blir råka når vêr og føre gjer lokalsamfunnet isolert frå omverda. Me skal sjølvsagt ikkje svartmala situasjonen heilt, så lenge det ennå ikkje er konkludert i høve til verken leielys, å leia vatn ned sideløp eller å senda bilane gjennom ein flyttbar tunell.

Å gi opp og la Sauda segla sin eigen sjø og stri med flaumproblema på eiga hand er imidlertid noko saudasamfunnet aldri kan akseptera.