– Me har valt å stenga vegen mellom Hellandsbygd og Røldal grunna vêrmeldingane. Det er varsla store nedbørsmengder og det er usikkert om dette kjem som regn eller snø. Me er nøydd til å tenka trafikktryggleik i slike situasjonar, opplyser byggeleiar Angelica Chamorro i Statens vegvesen.
– Ifølge nettsidene til vegvesenet er vegen nå vinterstengt «inntil videre». Er det likevel muleg at vegen kan opnast igjen?
– Eg kan ikkje lova at vegen opnar igjen med det første. Det kjem an på korleis vêr- og føreforholda utviklar seg. Viss nedbøren kjem som snø, risikerer me at det kjem opptil èin meter. Då blir vegen stengt for vinteren, slår Angelica Chamorro fast.
Torsdag formiddag endra Statens Vegvesen vegmeldinga for Fv 520 frå «vinterstengt» til «stengt på grunn av uvær».