Alle kan bidra

Kvar nordmann kastar i gjennomsnitt 43 kilo mat i året. Tar ein med matvareindustrien og daglegvarehandelen er det totale matsvinnet 73 kilo per innbyggar. Det er ganske flaut.

Matproduksjon tar opp 37 prosent av jordas landareal og 70 prosent av alt ferskvatnet. Det går for eksempel med 3 000 liter vatn for å produsera ein 200 grams biff og 175 liter vatn til å produsera ein kopp kaffi.

Ifølge FN sin ernærings- og landbruksorganisasjon FAO, blir så mykje som ein tredel av all mat som blir produsert i verda ikkje ete. Den kasserte maten står for åtte prosent av dei globale klimagassutsleppa og representerer store ressursar som blir brukt til inga nytte. Og dette i ei tid då stadig fleire engasjerer seg i og uroar seg for helsetilstanden og framtida til kloden me bur på. Ifølge ei undersøking gjennomført av klimaforskingssenteret Cicero i 2018 oppgir 36 prosent av dei spurde å vera ganske eller veldig uroa over klimaet. Å gjera ein innsats for å redusera matsvinn i eige hushald er eit effektivt og lett tilgjengeleg klimabidrag.

Dei alle fleste av oss kastar mat – i større eller mindre grad. Det i seg sjølv er prinsipielt forkasteleg og eit resultat av stadig veksande velstand. Eit handlemønster som var utenkeleg for bare eit par generasjonar sidan, der ein lett kastar restane frå dagens middag i staden for å nytta dei, er i dag normalen meir enn unntaket. Seier datostemplinga at maten er øydelagt, stolar ein meir på den enn på eigne sansar. Og frukt med brune flekkar går sjølvsagt rett i komposten.

Det skal ikkje store innsatsen til frå kvar av oss for å gjera noko med omfanget av matsvinn. Det handlar om å planlegga handlinga og matlaginga betre. Å lukta og smaka sjølv om haldbarheitsdatoen er passert. Å ta vare på restar og bruka dei på nytt. Nyleg utgåtte meierivarer kan for eksempel gjera susen i bakverk, det er faktisk godt muleg å eta stilken på brokkolien og frukt som har passert toppen passar utmerka i ein smoothie.

Gevinsten ved å redusera matsvinnet er som det berømte kinderegget – du får tre ting på ein gong. Moralsk sett kjennest det godt å ikkje hiva fullgod mat. Ein bidrar til reduserte klimautslepp, og sist, men ikkje desto mindre, ein sparar pengar. Mykje pengar.

Samla sett har det norske matsvinnet ein verdi på over 20 milliardar kroner i året. Det må då vera betre ting å bruka pengane på?