Ei forklaring som kortsluttar

I eit innlegg i Ryfylke 13. desember foklarer direktør John Harald Jakobsen i Haugaland Kraft Energi AS kvifor selskapet ser det som naudsynt å innføra timeprisa straumrekningar.

Ja, kvifor?

Herr direktør Jakobsen forklarer at timeprisar er «meir rettferdig» overfor den einskilde kunden og «premierer dei som brukar straumen smart». Det gamle systemet, med avlesing av målaren ein gong i månaden, var visstnok urettferdig, ifølge direktøren. «Konsekvensen var at to kundar som brukte like mykje strøm i høvesvis dyre og billege timar, likevel betalte den same gjennomsnittsprisen», skriv han.

Javel? I mitt hovud er to like kundar + same forbruk + same gjennomsnittspris = same sluttsum på rekninga = rettferd. Men så er eg nok ikkje like smart som den nye straummålaren min. Så då, så.

Meir rettferdig?

Direktøren er vidare full av omsorg overfor oss kundar som no, i tillegg til å verta meir rettferdig behandla, også skal verta påskjøna. Det vil seia, dei av oss som «brukar straumen smart ved at dei forskyv noko av forbruket sitt, til dømes elbillading og oppvarming, til billegare timar».

Javel? Så me skal varma opp bustaden vår når timeprisen er billegast og behovet minst – og frysa eller i vinter-Noreg?

Logikk utan samanheng

Logikken vert ikkje klarare når herr direktøren nøye forklarer oss at omlegginga til timepris ikkje vil utgjera stor forskjell i økonomien til ein vanleg husstand som ikkje flyttar på forbruket sitt. Rundt åtte kroner i månaden vil me spara om me kvar dag bruker vaskemaskinen i den billegaste timen samanlikna med den dyraste timen, får me vita.

Likevel har Haugaland Kraft Energi AS og dei andre kraftselskapa teke på seg først å skifta ut dei gamle straummålarane med nye, smarte straummålarar. Så legg dei altså om til timeprising, noko som igjen kravde nyutvikla system med tilhøyrande ressursbruk. Kvar ligg meininga i dette for kraftselskapa, når direktøren sjølv seier at timeprising ikkje påverkar inntektene til selskapa? Og samstundes viser til kor lite dette påverkar økonomien til kundar som ikkje er straumsmarte? Kven betaler, til sjuande og sist, for desse omleggingane

Forteneste eller ikkje?

Neidå, straumleverandørane går ikkje over til timepris for å tena meir pengar, lovar direktør John Harald Jakobsen. Inntektene til straumselskapa ligg nemleg i tillegget mellom innkjøpsprisen på den nordiske kraftbørsen og prisen ut til kunden. Og dette tillegget er det same som før omlegginga.

Verkeleg? Kven avgjer kor stort dette tillegget skal vera? Er storleiken på dette tillegget hogge i stein i all æva?

Ei uviss framtid

Direktøren avrundar sitt innlegg med ei kryptisk formulering om at Haugaland Kraft Energi AS utviklar «smarte styringssystem som automatisk justerer straummforbruket ditt.»

Eit system som automatisk skal justera straumforbruket vårt, altså. Kva tyder det? Smart for kven?

Er neste steg i omlegginga utkopling om me bruker for mykje straum til feil tid? Eller sonevise serieutkoplingar når dei dyre og utstabile vind- og solanlegga sviktar og den stabile, grøne og fornybare vasskrafta er selt til utlandet?

Vyrde direktør John Harald Jakobsen. Du kan når som helst koma og henta den smarte straummålaren heime hos meg. Eg lovar på ære og samvit å ikkje avkrevja deg timepris ut frå når på døgeret du kjem. Men venlegst hugs å montera tilbake den gamle straummålaren min, same kor dum denne måtte vera.