Eyvind Stueland og Målfrid Selvik Årthun meiner det er for lite kunnskap om skjermtidsbruk og konsekvensar av mykje skjermbruk. Dei håper torsdagens foredrag med Trond Magne Hegglund kan skape diskusjon og refleksjon kring temaet.
Eyvind Stueland og Målfrid Selvik Årthun meiner det er for lite kunnskap om skjermtidsbruk og konsekvensar av mykje skjermbruk. Dei håper torsdagens foredrag med Trond Magne Hegglund kan skape diskusjon og refleksjon kring temaet. FOTO: Even Emberland.

Utfordrar skjermtid:

Kor mykje og kor sunt?

Telefonar, datamaskinar, nettbrett og TV-skjermar er alle blitt ein naturleg del av kvardagen til nordmenn flest. Men kor sunt er det eigentleg?

Det har ikkje Eyvind Stueland, leiar av kommunalt foreldreutval for grunnskulane (KFU) i Sauda, og Målfrid Selvik Årthun, pedagogisk rettleiar for barnehage og grunnskule i Sauda kommune, svaret på. Men duoen vil gjerne stille spørsmål ved det, slik at flest mogleg foreldre og andre grublar og reflekterer over det.

– Ikkje peikefingerkurs

Difor kjem psykolog og foredragshaldar Trond Magne Hegglund torsdag denne veka for å snakke om temaet, etter initiativ frå Stueland og KFU.

– Det har blitt ein gigantisk del av kvardagen vår, men me veit eigentleg ingenting om konsekvensane. Difor trur me det er sunt at det blir snakka meir om og diskutert meir. Første gong eg sjølv tenkte over det var då eg var i Stavanger og såg ein liten unge på ein karusell som gjekk rundt og rundt. Han ville at pappaen skulle sjå på han og ropte og ropte. Og pappaen svara ja, han såg jo på, men han såg via skjermen som han filma med eller tok bilde med. Du bare såg korleis ungen ikkje forstod det, han ville at pappaen skulle følge med «på skikkeleg», seier Stueland, før han er snar med å legge til:

– Dette skal ikkje vere eit peikefingerkurs til foreldre, men eit kurs og foredrag som forhåpentlegvis verkar som motivasjon til å gjere det betre. Kva er bra med skjermar? Kva kan me gjere betre og annleis? Kva er dårleg? Eg trur det er bra om me blir meir bevisste på temaet.

Skjermrevolusjon

Målfrid Selvik Årthun peikar på at dei mange skjermane som er tilgjengelege i dag gjer foreldrerolla meir utfordrande enn kva ho kanskje var før.

– Eg har vaksne ungar sjølv, og me kunne kopiere foreldra våre litt for korleis me var foreldre og kva me gjorde. Nå finst det ikkje lenger ei oppskrift. Skjermane har skapt ein revolusjon. Eg er veldig opptatt av dette med mentalt nærvær. Tenk kor normalt det er at folk i dag tar opp mobilen når du sit saman ein gjeng og bare snakkar. Er me nok til stades mentalt? Det er spørsmål eg meiner me har godt av å stille oss sjølv og reflektere rundt, seier Årthun.