Ei god og viktig investering

Kompetansesamfunnet me i dag lever i stiller høgare krav til innbyggarane enn tidlegare. Utdanning er ikkje lenger noko ein gjer seg ferdig med, og det viktige grunnlaget for livslang læring blir lagt alt i barnehagen. Å investera i gode barnehagar er derfor noko av det viktigaste samfunnet gjer.

Ei nyleg gjennomført undersøking blant barnehageforeldre i Sauda viser oppløftande resultat. Jamt over er brukarrepresentantane svært fornøgde med tilbodet. Og det handlar på ingen måte om bare å vera fornøgd med å ha barnepass. Forventingane til innhald og kvalitet i barnehagen er på bratt stigande kurs, i takt med den generelle samfunnsutviklinga. Då barnehagen fekk ny rammeplan i 2017, formidla denne auka krav og forpliktingar i høve til barnehagen sitt pedagogiske tilbod.

Dagens barnehageungar skal i framtida leva av kunnskap. Når dei er vaksne, vil mykje ha forandra seg i høve til i dag. Barnehagen kan sjølvsagt ikkje læra ungane alt dei treng, men kan bidra til at dei oppveksande slekter blir flinke til å læra å læra. Barnehagen består sjølvsagt av mykje meir. Her møter ungane ein sosial fellesskap, her får dei utfalda seg i leik, og her får dei omsorg – mykje omsorg! Og så får ein venner, som kanskje noko av det aller viktigaste ein kan oppnå i livet. Ein skal heller ikkje gløyma at studiar viser at barnehagar med gode pedagogiske opplegg bidrar til å jamna ut sosiale forskjellar og med det gi fleire ungar føresetnader for å lukkast i utdanning og yrkesliv.

Det treng ikkje å vera nokon klar samanheng mellom kvalitet i barnehagen og ressursbruk. Samanlikna med nabokommunar, fylke og landet sett under eitt, er dei kommunale barnehagane i Sauda blant dei aller rimelegaste, ifølge SSB sine tal for samla, korrigerte, brutto driftsutgifter per barn. Dette sjølv om utgiftene til kommunen dei siste fire åra har auka med heile 25 prosent, ifølge same statistikken. Sauda får, med andre ord, mykje ut av kronene som blir sett av til barnehagedrift.

Både grunnskulen og den vidaregåande skulen blir ofte trekt fram som avgjerande for at samfunnet skal kunna utvikla seg dit me ønsker. Ein må for all del ikkje gløyma den viktige rolla barnehagen har som utdanningsinstitusjon.