Framsynt og framoverlent

Den milde og snøfattige vinteren har mobilisert kloke hovud i Sauda for å finna ut korleis ein kan bringa turistar og fastbuande nærare snøen, som ligg der, kvit og lokkande, litt lenger oppe i fjellet. Utan tilgang til snø, uteblir vinterturistane. Og det går ut over det det meste av det lokale næringslivet. Både brøyting til Breiborg og opning av vegen til Djuvsbotn er nemnt som gode tiltak innanfor rekkevidde. Nå lanserer lokale næringslivsfolk eit initiativ for å få på plass ein stolheis i skisenteret i Svandal.

«tydeleg kor viktig dette flaggskipet er i Sauda si satsing på turisme»

Førebels er initiativet i ein så tidleg fase at det sjølvsagt er for tidleg å trekka konklusjonar om korleis eit slikt konsept skal organiserast eller om prosjektet er realistisk. Initiativtakarane peikar imidlertid på «Saudamodellen» som ei muleg tilnærming. Både Folkets Hus og utebadeanlegget kom til som eit samarbeid mellom det offentlege, privatpersonar og næringsliv. Ingen av desse to prosjekta ville blitt ein realitet, i alle fall ikkje slik me i dag kjenner dei, om det ikkje var for at mange drog lasset i lag.

I fortsettinga blir det interessant å sjå korleis initiativet blir mottatt i lokalsamfunnet og korleis initiativet skal bli til noko meir handfast. Korleis støttar næringslivet elles opp? Kva rolle skal eventuelt Sauda kommune ha? Lag og organisasjonar? Privatpersonar? Hyttefolket i Svandal? Og kva med Saudas «rike onkel», Sparebankstiftelsen Sauda? Er dette eit føremål som fell innanfor deira kriterier?

Ved å vera framsynte og framoverlente og gå i bresjen for ei oppgradering av skisenteret i Svandal, viser næringslivet tydeleg kor viktig dette flaggskipet i Sauda si satsing på turisme er for heile saudasamfunnet. Å investera i ein stolheis gir sjølvsagt inga direkte avkastning til handels- og servicenæringa nede i sentrum. Men det er med på å auka Sauda sin attraktivitet som vintersportsdestinasjon og som hyttekommune.

I eit slikt perspektiv bør ein stolheis vera eit interessant investeringsobjekt for mange lokale krefter. Dette handlar som sagt ikkje om å selja fleire heiskort i Sauda skisenter, men på sikt å smøra heile det lokale næringslivet.