Konstruktivt frå distriktet

Førre veke deltok lobbyist Harald Halvorsen Løland og ordførar Asbjørn Birkeland på Distriktsnæringsutvalet sin innspelskonferanse i hovudstaden. Den seansen kom dei to lokale representantane godt ifrå.

Det regjeringsoppnemnde Distriktsnæringsutvalet såg dagens lys så seint som hausten 2019. Utvalet, som er leia av haugesundar og tidlegare Hydro-direktør Svein Richard Brandtzæg, skal greia ut betydinga privat næringsliv har for levande og bærekraftige lokalsamfunn. I tillegg skal dei sjå nærare på mulegheiter og hindringar for å utvikla lønsam næringsverksemd i distrikta.

Sauda er på ingen måte i noko særstilling blant norske distriktskommunar. I heile det langstrakte landet vårt slit kommunar med å omstilla næringslivet og skapa nye arbeidsplassar, med fråflytting og folketalsnedgang som èin av fleire konsekvensar. I den sist publiserte folketalsstatistikken frå SSB, for tredje kvartal 2019, går det fram at heile seks fylke og over 250 kommunar opplevde at talet på innbyggarar gjekk nedover. Samtidig auka talet på nordmenn med over 28 000. Ein kan sjølvsagt ikkje konkludera for hardt basert på ein kvartalsrapport, men tala gir likevel ein indikasjon. Folket flyttar, ikkje uventa, frå landsbygda til byar og større tettstader.

Ein innspelskonferanse kan med eit slikt bakteppet fort by på både gjentakingar og mange innspel på eit generelt og overordna nivå. Det er lett å bli éin i mengda, særleg når kvar av talarane bare har fire minutt på seg til å mala eit bilde av situasjonen på deira heimtrakter. Det gjeld å nytta tida godt, skal ein bli lagt merke til.

Strategien til representantane frå Sauda synest i så måte å vera god. Frå korte innleiingar om historia til industristaden lengst nordaust i Ryfylke, blei temaet pensa inn på det som i dag blir opplevd som den største utfordringa for lokal næringsutvikling; avstandar. Løysinga er like vanskeleg som ho er enkel: Saudatunnelen. Enkel, fordi det å bygga denne tilslutninga til E-134 greitt lar seg gjera. Vanskeleg fordi finansieringa som alltid handlar om prioriteringar og kampen mot langt meir trafikkerte område i storbynære område.

I staden for bare einsidig å påpeika utfordringane med å finna pengar til å betala for gildet, la imidlertid Løland og Birkeland på bordet eit konkret forslag til løysing: Å øyremerka deler av arbeidsgivaravgifta til utbygging av infrastruktur i distrikta.

Denne statlege avgifta har også tidlegare blitt brukt som distriktspolitisk verkemiddel. Om dei sentrale styresmaktene er villige til å sjå nærare på ei utvida bruk av denne, står att å sjå. Ideen er imidlertid så god at han fortener å bli behandla seriøst.