Skilift at Kongsberg ski center Norway.
FOTO: Martin Kierstein

Nokre tankar omkring stolheis/gondol i Svandal

Stolheis har vore snakka om i mykje av Sauda Skitrekk si historie. Det er klart at det hadde vore flott med noko slikt, men finst det økonomi i det? Eg vil seia at det er det neppe, i alle fall om den skal gå mellom Kro og Djuvsbotnen. Den må ha ein stasjon i Djuvsbotnen for å frakta folk ned igjen til Kro når det ikkje er snø nede. Det heiter Kro der skitrekka startar i dag. Heisen blir då berre ein transportetappe mellom Kro og Djuvsbotnen når det ikkje er mulig å renna i bakkane nede. Er det snø der, kan ein bruka skitrekka som dei er i dag. Då blir stolheis/gondol berre ei permanent naudløysing. Og med ein prislapp på 40 til 50 millionar kroner i anskaffing og store driftsutgifter, vedlikehald og ekstra lønnsutgifter så blir dette fort eit pengesluk.

Nei, gøym dette til framtida. Då kan det kanskje bli ein realitet med gondol mellom Djuvsbotnen og for eksempel Ravnafjell, Vardanuten, Botnanuten og Tjuanutane. Det er mange muligheiter.

Stolheis/gondol passar der det er ulendt å komma til og der eit skitrekk vil kutta av nedfartsløypene.

Då eg var med i Sauda Skitrekk arbeidde me med eit prosjekt der veg mellom Kro og Djuvsbotnen var oppe. Planen var å starta med vegen der campingvognene står lagra. Altså rett etter brua og nedunder det eldste servicebygget i skitrekket. Vegen skulle gå på austsida av bygningane og skitrekka, inn lia og over elva i Askejuvet. Vidare mot aust i slak stigning mot Trintervollbakken. På egna stad skulle vegen svinga 180 grader og fortsetja i slak stigning ovanom Vårstølen. Så vidare til Skarvet. Og vidare enten over elva til parkeringsplass, eller vidare innover til Djuvsbotnen. Alternativ, der vegen ligg i dag. Slik var planane då. I dag meiner eg dei er minst like aktuelle.

Den vegen som er bygd er ein grei sommarveg, men som vinterveg er den ikkje egna. Den traseen som me hadde i tankane då skulle ha god bredde og passe stigning. Om den blir realisert vil den opna for nye, flotte hyttefelt. Og mykje betre veg til dei hyttene som er der i dag.

Med ny, god veg til Djuvsbotnen vil det opna seg uante muligheiter for skianlegg der. Med stolheis vil det kun bli sikrare adkomst til Djuvsbotnen når snøen uteblir, men ikkje noko meir. Så eg vil seia: Tenk ein gong til.