Til hausten trer ein ny læreplan, Fagfornyinga, i kraft i skulen. Planen løftar fram igjen verdien av meir praktisk tilnærming til fagstoffet. Det er på høg tid.
Innføringa av Fagfornyinga kjem 14 år etter at Kunnskapsløftet blei ein del av den norske skulekvardagen. Saman med den nye planen kjem mellom anna ei erkjenning av at ein over tid har gapt over for mykje i læreplanverket. Med Fagfornyinga er talet på kompetansemål kraftig redusert. I staden skal elevane få høve til meir fordjuping. Fleire av faga skal bli meir praktiske og utforskande og det skal i større grad bli lagt vekt på læring gjennom leik for dei yngste elevane.
«dagens skulesystem passar betre for jenter enn for gutar»
Både fråfallstatistikkar og nasjonale prøvar har over tid gitt klare indikasjonar på at dagens skulesystem passar betre for jenter enn for gutar. Gutane gjer det dårlegare enn jentene, dei er mindre motiverte og dei kjedar seg på skulen. I ein skule der alle har krav på ei likeverdig og tilpassa opplæring, tar dette seg dårleg ut. Det er derfor på høg tid at det blir tatt omfattande grep for prøva å jamna ut forskjellane. Parallelt med at ein endrar arbeidsmåtar, burde óg rekruttering av menn til barneskulen blitt løfta fram som satsingsområde, all den tid også kjønnssamansetninga blant lærarar kan synast å ha innverknad på skuleprestasjonane.
Innføring av nye læreplanar har ikkje alltid gått smertefritt for seg. I tiåra før Kunnskapsløftet kom utskiftingane tett, og kritikken gjekk ofte på at ein knapt fekk sjå effektane av dei nye planane før nye skulle fasast inn. Veteranane i skuleverket refererte ofte til tidlegare planar og hevda innhald og metodar gjerne kom tilbake etter ei tid, til glede eller forarging, etter korleis ein sjølv opplevde dei ulike tidsepokane. Etter 14 år, i ei tid med eit samfunn i akselererande utvikling mellom anna på teknologifronten, er det uansett på høg tid med ein ny skuleplan nå. Særleg innanfor digitale ferdigheiter, kritisk tenking og kjeldekritikk har det skjedd kvantesprang sidan innføringa av Kunnskapsløftet. At folk engasjerer seg i innføringa av nye læreplanar, blir stadfesta av dei 20 000 innspela og 7 000 høyringssvara departementet har mottatt.
Formålsparagrafen til opplæringslova slår fast at opplæringa i samarbeid og forståing med heimen skal opna dører mot verda og framtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Når verda utanfor er i rekordrask endring, ligg det eit stort ansvar på skulen for å gjera opplæringa relevant i høve til det som møter elevane på vegen vidare. Intensjonane og hovudtrekka i Fagfornyinga vitnar om eit skuleverk som både tar dette ansvaret på alvor og som etter beste evne justerer kursen for å gi ei opplæring i tråd med mandatet.