Dugnad for folkehelsa

Det var naturlegvis bare eit spørsmål om tid før årets corona-epidemi nådde Sauda. Nå er det opp til saudabuen å gjera ein innsats for å avgrensa spreiinga av det mykje omtala corona-viruset Covid-19.

For dei aller fleste byr ikkje den årlege sesonginfluensaen på store utfordringar. Både omfang og konsekvensar er stort sett til å leva med, og dei fleste friske menneske tåler godt å bli smitta. I Norge dør i gjennomsnitt 900 personar kvart år av influensarelatert sjukdom, dei fleste av dei eldre eller småungar og mange av dei med på førehand generelt svekka helsetilstand.

«ingen grunn til å bagatellisera råda som blir gitt»

Også corona-influensaen vil forløpa utan dramatikk for mange. Dei fleste som er smitta får bare milde til moderate symptom og kjem seg raskt. Samtidig åtvarar italienske legar om at heile ti prosent av dei smitta i landet blir innlagt på intensivavdelinga. Det er og slått fast at Covid-19 er betydeleg meir smittsamt enn ordinære influensavirus. Kanskje smittar Covid-19 dobbelt så raskt, kanskje endå raskare enn det igjen. Alvorlegheita av kva verdssamfunnet står overfor blir understreka av at Verdas Helseorganisasjon alt i slutten av januar erklærte sjukdomsutbrotet som «ei alvorleg hending av betyding for internasjonal folkehelse».

Med fleire sannsynlege smittetilfelle og uvisse konsekvensar for dei som blir ramma, er det all grunn til å ta åtvaringar og råd frå helsestyresmaktene på alvor. Det er i alle fall ingen grunn til å bagatellisera råda som blir gitt, i alle fall ikkje pålegg om karantenar og eventuell isolasjon for dei som alt har fått smitten. Éin ting er å unngå å bli smitta sjølv. Kvar og éin har imidlertid òg eit ansvar for å vera med og gjera ein innsats for å avgrensa smittespreiing. Dette er viktig for å unngå at personar i risikogruppene blir smitta, med dei følgene dette kan få.

«gjera ein innsats for å avgrensa smittespreiing»

Den beste måten ein kan visa omsyn for folk rundt seg, er å ta dei forholdsreglane ein blir bedne om, uansett om nokon skule oppfatta desse som både overdrivne og overdimensjonerte. Ingen er tent med eit samfunn der viktige funksjonar blir slått ut av sjukdom. Ei for rask smittespreiing vil for eksempel kunna sprenga kapasiteten til helsevesenet.  Dette handlar om å visa solidaritet med medmenneska rundt seg og vera med på folkedugnaden det trass alt er å førebygga spreiing av smitten. Og Sauda er kjent for å vera gode både på solidaritet og dugnad.