Uverkelege dagar

I løpet av ei veke har korona-viruset gått frå å vera noko som i hovudsak vedgår italienarar og kinesarar til i høgste grad å påverka kvardagen også til den jamne saudabu.

Sidan koronaspreiinga starta, har norske helsestyresmakter prøvd å førebu seg på kva som kunne komma. Ennå er det vanskeleg å føresjå kva dimensjonar konsekvensane av korona-influensaen vil få. Folkehelseinstituttet kunngjorde tidlegare denne veka at ein ser for seg at Norge er på veg inn i eit «middels pandemiscenario». Dette inneber 22 000 sjukehusinnleggingar det kommande året, der 5 500 vil ha behov for intensivbehandling. På det meste vil 1 700 menneske vera innlagt på sjukehus samtidig, 600 av dei på intensivavdeling. Det blir poengtert at dette er eit scenario ein ser det hensiktsmessig å førebu seg ut frå, og at tala er for usikre til at det kan kallast ein prognose. Likevel gir det ein indikasjon på kva me kan stå overfor. Særleg kan kapasiteten i helsevesenet få røynt seg når koronabølga skyl inn og legg beslag på deler av alt knappe ressursar.

før og etter koronaen

Då meldinga i går kom om at alle landets skular og barnehagar nå stenger, var dette i høgste grad ei venta utvikling. Dette gjeld også vidaregåande skular, universitet og høgskular, der ordinær undervisning opphøyrer frå i dag. I Italia, som ligg nokre smitteveker foran Norge, er meir eller mindre heile landets befolkning alt sett i karantene. USA har stengt grensene for folk frå Schengen-området i 30 dagar. Og i forgårs blei det kjent at Danmark stenger alle skular og barnehagar for ein periode på to veker. I tillegg blei alle offentleg tilsette som ikkje har såkalla kritiske funksjonar sendt heim.

Det er betryggande å sjå at lag og organisasjonar lokalt tar slike oppmodingar på alvor

I løpet av torsdagen har store deler av det organiserte idrettsnorge fått pålegg frå sine moderorganisasjonar om å innstilla verksemda si. Då var det alt innført restriksjonar og tilrådingar i Sauda om ikkje å gjennomføra tilskipingar og samankomstar, i alle fall ikkje av ein viss storleik. Det er betryggande å sjå at lag og organisasjonar lokalt tar slike oppmodingar på alvor og reduserer aktivitetane sine i tråd med tilrådingane.

Me har sjølvsagt ikkje sett toppen av korona-effekten ennå. Me har faktisk såvidt byrja. Med tiltaka som nå blir sett i verk er det likevel von om at ein kan redusera spreiingsfarten og etterkvart få nokolunde kontroll over situasjonen.

Det er lenge sidan det heile gjekk over til å bli heilt uverkeleg. Og me kjem til å få ei ny tidsrekning med før og etter koronaen.