Det er nå me treng lyspunkt og entusiasme

Dei siste vekene har koronaviruset sitt inntog halde deler av samfunnet tilnærma i dvalemodus. Restriksjonane som er sett i verk gjer omfattande inngrep i folk sin kvardag, og lite tyder på at dette vil endra seg dei næraste vekene. På eitt eller anna tidspunkt kjem likevel pandemien til å sleppa taket. Det er ingen grunn til å setta livet generelt og utviklinga av lokalsamfunnet på vent til då. Tvert om – det er nå det er viktig å ha evna til å løfta blikket fram mot det som vonleg blir eit koronafritt tilvære.

Det lokale initiativet for å få til eit løft for utviklinga av reiselivsfyrtårnet i Svandal kunne neppe kome på eit meir uheldig tidspunkt. Mulegheitene rundt det som i dag er konkretisert til ein gondolbane er interessante og konseptet spenstig nok til at det vil bli lagt godt merke til dersom det blir ein realitet. Dessverre for initiativtakarane stel konsekvensane av eit virus frå ei kinesisk flaggermus det meste av mediemerksemda om dagen.

«Stadig fleire lokale bedrifter gir tommel opp»

Samtidig som Ola Nordmann lærer seg å få dagane til å gå i sitt nye tilvære med stengde skular og barnehagar, heimekontor, karantenar og hytteskam, lever gondolbaneprosjektet vidare i beste velgåande. Lista over intensjonsavtalar med investorar veks mest dagleg. Stadig fleire lokale bedrifter gir tommel opp og teiknar seg for både små og større beløp. Det same gjer privatpersonar og organisasjonar. I tillegg kjem signal, særleg frå næringslivsaktørar, som stadfestar at langt fleire har intensjonar om å inngå intensjonar.

Sauda Vekst signaliserer at det må reisast ti millionar kroner for at gondolbanen skal bli meir enn bare ein plan. Så langt har kronebarometeret passert to millionar, og arbeidet med å kartlegga mulegheitene for å skaffa finansiering er bare så vidt kome i gang. Etter kvart som koronatåka lettar, blir det interessant å sjå korleis den lokale oppslutninga om prosjektet blir, særleg frå dei større aktørane som fleire gongar har tatt rolla som samfunnsbyggarar og som ser ei positiv samfunnsutvikling som ein viktig faktor for sjølv å lukkast.

Gondobanelprosjektet er noko av det mest spennande som er lansert i Sauda dei siste åra. Om taiminga kan synast uheldig, kan ein òg velja å sjå det frå heilt andre sida: Nettopp nå treng Sauda noko til å skapa entusiasme og forventingar til tida etter koronaen.