Dokter Eirik Lunde Løfsgaard presiserer at Sauda Legesenter sjølvsagt vil prioritera kronisk sjuke, sjølv om koronaviruset tar ein del fokus for tida.
Dokter Eirik Lunde Løfsgaard presiserer at Sauda Legesenter sjølvsagt vil prioritera kronisk sjuke, sjølv om koronaviruset tar ein del fokus for tida. FOTO: Privat.

Bekymra for kronisk sjuke

Sauda Legesenter ber saudabuar med kroniske sjukedommar om å ikkje vera redde å ta kontakt, sjølv om landet er midt i koronakrisa.

– Me er litt bekymra for folk som har kroniske sjukdommar. Mange avtalte timar er blitt avlyst og mange kronisk sjuke har ikkje tatt kontakt med helsevesenet etter at koronasituasjonen utvikla seg, seier dokter Eirik Lunde Løfsgaard ved Sauda Legesenter.

Store endringar

Dei siste vekene har koronaviruset si utbreiing i Norge snudd opp-ned på livet til nordmenn. Helsevesenet og personalet ved Sauda Legesenter har måtta gjera mange driftsendringar, både når det gjeld intern organisering og når det gjeld behandling av  pasientar. Blant anna blir pasientar oppfordra til å ikkje møta opp fysisk til vanleg time, med mindre det er heilt nødvendig. Folk med luftvegssymptom blir bedt om å ikkje møta opp utan avtale. I tillegg er pasientluka blitt stengt.

Endringane blir gjort for å redusera smittefaren, men også for å få avlasta eit legesenter som førebur seg på at det største koronatrykket ligg framfor oss i tid.

Har fleire løysingar

Dokter Erik Lunde Løfsgaard trur mange kronikarar er redde for å forstyrra helsevesenet og at dei derfor ikkje ønsker å vera til bry eller gå ut og møta folk.

– Men nå er det viktigare enn noko gong at kronikarane tar kontakt med oss. Dette er folk som er i risikogruppene og som me er opptatt av at held seg i form og ikkje blir meir sjuke, seier han.

Legesenteret ønsker nå kontakt med pasientar med kroniske sjukdommar, og pasientar som går til faste kontrollar. Det gjeld for eksempel pasientar med hjarte- og/eller lungesjukdommar, psykiske lidingar og folk som har ulike avhengighetsproblem. Ved legesenteret er ein nå bekymra for at dei kroniske sjukdommane kan forverra seg, både fysisk og psykisk.

Dokter Løfsgaard minner om at det fins mange ulike måtar ein framleis kan ha trygg og god kontakt med legane og helsepersonellet ved legesenteret.

– Me har oppretta fleire telefonlinjer, så det er lettare å få kontakt via telefon. Me har også mulegheit til å bruka både telefon, videokonsultasjon eller e-konsultasjon, for dei som har tilgang på det. Me er også opne for at kronikarar kan komma fysisk til legetime, seier Løfsgaard.