– Sauda treng løftet som ein gondolbane vil gi, meiner lesarbrevforfattaren.
– Sauda treng løftet som ein gondolbane vil gi, meiner lesarbrevforfattaren. FOTO: Geir Ødegaard Olsen.

Heiar på «Folkeheisen» men saknar den store planen

Me har hytte i Svandalen Fjellgrend rett ved skisenteret og bruker denne heile året sjølv om me har flest overnattingar i vinterhalvåret. Sesongen 19/20 har vore prega av høge temperaturar og mykje vêr som har gitt dårlege skiforhold. Dette gjorde at det før vinterferien blei utropt krise for Sauda som vinterdestinasjon.

Dette var jo sesongen då reiselivet i Sauda verkeleg skulle bli «boosta» av Ryfast-effekten samstundes som reguleringsplanar for nye fritidsbustader og leiligheiter skulle legge til rette for at fleire skulle kunne investere sparepengane i Sauda.

Ingenting engasjerer meg meir enn å diskutera utviklingsplanar for å gjere Sauda til ein meir attraktiv stad å tilbringe fritida si. Eg vart derfor hoppande glad då det begynte å røre seg i Sauda Vekst og Sauda Skisenter med store tankar for korleis ein skulle kunne bruke denne krisa til noko positivt. Dette er offensive haldningar som viser at viljen til å sjå potensialet i Svandal i høgste grad er til stades. Hytteforeiningane blei også inviterte til eit informasjonsmøte på Folkets Hus siste laurdagen i vinterferien der for planane og noko av bakgrunnen for det som er foreslått blei presentert. Godt tiltak som mange sette pris på!

På tidspunktet for signering var informasjonen forholdsvis begrensa og prega av ei viss halleluja-stemning…

Eg var tidlig ute og signerte intensjonsavtalen grunna at eg ønsker å vise at eg støttar tiltaket «Folkeheisen». På tidspunktet for signering var informasjonen forholdsvis begrensa og prega av ei viss halleluja-stemning knytt til at ein i Sauda hadde vore djerve nok til å gå ut med stolheis som ambisjon. Nå har det gått ei stund og framleis er informasjonen konsentrert rundt enkelttiltaket: Å skaffe pengar til eit større heisprosjekt (gondol), som skal frakte folk opp i høgda med håp om gode skiforhold. Med omsyn til val av heis-løysing og plassering har ein henta inn hjelp frå ein erfaren konsulent og dette trur eg er nyttig, både for å få gode råd samstundes som det viser at dette ikkje er tatt ut frå lause lufta.

Med omsyn til val av heis og plassering skal eg ikkje legge meg ut med ekspertisen, men eg vil tørre å påstå at klimaendringane som står framfor oss ikkje berre handlar om auka temperatur og høgare snøgrense, men også om meir vêr i form av vind og nedbør. Ly for vêret blir av skituristar trekt fram som ein av dei viktigaste kvalitetane til Sauda Skisenter samanlikna med andre skisenter i regionen. Eg trur difor ikkje at driftsutfordringane til Sauda Skisenter vert løyst ved eine og aleine satse på utbygging i høgareliggjande område, men at ein også må utvikle Djuvslia med auka kapasitet på snøproduksjon og betre drenering slik at ikkje snøen flyt vekk.

For å komme eit steg vidare frå der ein står no meiner eg at tida er inne for å gjere kommunikasjonen rundt prosjektet meir tydeleg. Det står for meg uklart korleis gondolen skal fungere saman med resten av Sauda Skisenter. I dag består skianlegget i Djuvsbotn av ein vel 1300 meter lang tallerkenheis med nedfart på begge sider. Dette er eit flott område, men eg klarer ikkje å sjå at investeringa i gondolen mellom Kro og Djuvsbotn løyser utfordringane på ein god måte utan at det skjer i kombinasjon med bygging av fleire heisar. Det blir nemnt ein tilbringarheis til Smalanuten, men det framgår ikkje kven som er ansvarlig for at denne blir bygd. Er denne også del av «Folkeheisen»? Same gjeld servicebygg og eventuelle andre tilbod som må på plass slik at Djuvsbotn blir det området mange av oss drøymer om.

Eg saknar kort og godt den såkalla «masterplanen»

Eg saknar kort og godt den såkalla «masterplanen» som fortel korleis utviklinga av Sauda Skisenter er tenkt å henge saman. Ein masterplan som inneheld hovudtrekka i den totale ambisjonen for Sauda Skisenter og Sauda Vekst som beskriv kven som er ansvarleg for å gjennomføra dei ulike del-planane og til kva tid det skal stå klart. Når ein går ut og ber private aktørar bidra med pengar må det vera openheit knytt til korleis ein tenker å auke framtidige inntekter for å kunne handtere auka utgifter ettersom anlegget veks og vert meir kompleks. Marknadsføring er eit sentralt stikkord i ein kvar vekststrategi og bør være del av den større planen. Ein bør være forsiktig med å sette i gang prosjekt som ikkje er økonomisk forsvarelege og ein må være realistisk med omsyn til kundegrunnlaget.

Klarer ein for eksempel å selge nok bollar og brus til å forsvare å drifte to servicebygg? Kva tenker Sauda Skisenter rundt framtidig omsetning og mulig forskottering av inntekter for å klare å gjennomføra sine forpliktingar innan rimeleg tid? Om private givarar no opnar lommebøkene sine og støttar prosjektet «Folkeheisen», vil det då være pengar og vilje til også å støtte det kommersielle selskapet Sauda Skisenter? Er det forventa overskotet i det kommersielle selskapet stort nok til å klare å betena leiga som «Folkeheisen» treng for å betala sine lånerenter?

Til samanlikning hadde utbygginga av Strandafjellet Skisenter i 2010, som liknar litt på ide-skissa som blei presentert i lokalavisa, ei kostnadsramme på 160 millionar kroner. Kor mykje pengar treng ein for å byggje eit anlegg i Svandal som gir tilgang til nytt skiterreng og samstundes har ein lang og trygg sesong?

Likevel har eg truå og eg ønsker å bidra.

Likevel har eg truå og eg ønsker å bidra. Om det ikkje skulle la seg gjere å realisere eit større heisprosjekt i denne omgang ønsker eg likevel at bidraget mitt frå intensjonsavtalen står ved lag og kan bli brukt til andre utviklingstiltak som er med å sikrar drifta av Sauda Skisenter. Eg håpar samstundes at meir fullstendig og forpliktande informasjon frå initiativtakarane gjer at fleire hiv seg med på folkedugnaden og signerer intensjonsavtalen. Sauda treng dette løftet!

Og til sist; i oversikta som blei presentert i lokalavisa over dei som har teikna intensjonsavtalar saknar eg bidrag både frå dei store lokale bedriftene, men også fleire av dei mindre bedriftene som direkte og indirekte vil nyte godt av dei positive effektane utviklinga av skisenteret vil føre med seg. Og kva med Sauda kommune? Frå den kanten har det vore nokså stilt.