Meir å gi i dugnaden

Tre veker har gått sidan  styresmaktene sette i verk ei rekke tiltak for å avgrensa spreiinga av koronasmitte. Mykje tyder på at tiltaka har god effekt. Det er likevel ingen grunn til å sleppa jubelen laus og legga vekk handspriten og dei små tiltaka i kvardagen.

Medan talet på smitta, sjuke og døde som følge av koronainfluensaen stig radikalt i mange land, fortel nasjonale oversikter ei anna historie. Norge opplever ein jamn auke, men har, med atterhald om ukjende mørketal, unngått den eksponentielle veksten helsestyresmaktene frykta i starten av pandemien. Det er god grunn til å tru at dei strenge tiltaka som blei innført i veke 11 har bidratt sterkt til å dempa veksten i talet på smitta. Skal ein lukkast også i fortsettinga, er det avgjerande at folk respekterer forsiktigheitsreglar og karantenepåbod og viser karakter og kondis i høve til å halda avstand og helst halda seg heime. Eit kjapt nettsøk viser at langt frå alle nordmenn synest å ha forståing for si eiga rolle som potensielle smittespreiarar, og fleire er ilagt solide bøter for brot på karantenereglar.

«folk må ta dette med smitteverntiltak meir alvorleg»

Ein treng sjølvsagt ikkje reisa ut av Sauda for å oppleva at folk har ulik oppfatning av kor viktig det er å ta korona-forholdsreglar. Fleire Ryfylke-lesarar har kontakta avisa med spørsmål og oppmodingar om at folk må ta dette med smitteverntiltak meir alvorleg. Innspela omhandlar alt frå handvask og spriting av hender i butikken til å be foreldre vurdera om det verkeleg er nødvendig at heile familien er med når ein gjer unna daglegvarehandelen.

«stort ansvar for å unngå å spreia smitte»

Tilrådingane er tydelege i høve til kva den enkelte kan og bør gjera for å hindra smittespreiing. Alle gjer likevel sine val og har si eiga tilnærming. Det er uansett ingen grunn til at ikkje kvar og ein skal gjera alt ein kan for å vera med på dugnaden – og visa sine sambygdingar at ein er med og bidrar. Om ein er heller avslappa i forhold til at ein sjølv skal bli smitta, har alle eit stort ansvar for å unngå å spreia smitte. Sannsynlegvis har svært mange endå meir å gi i denne dugnaden.

Tre veker etter at styresmaktene innførte dei mest inngripande tiltaka i Norge nokon gong i fredstid, kan det sjå ut som at desse tiltaka har ein effekt. Dette gir ingen grunn til å løysa på snippen. For sjølv om første slaget kanskje er vunne, er krigen langt frå over.