Gondolbane iRosa Khuto skianlegg i Sotsji i Russland
Gondolbane iRosa Khuto skianlegg i Sotsji i Russland FOTO: Geir Ødegaard Olsen.

«Folkeheisen i Sauda» til glede for alle

Eg viser til tidlegare kommunikasjon i saka om gondolutvikling i Svandal og nå seinast til Jarle Marius Solland si ytring i Ryfylke fredag 03.04.2020.

Jarle Marius Solland ser eg på som ein klok mann, med sterke røter i vårt samfunn, som verkeleg vil Saudasamfunnet godt. Han peiker i sitt innlegg på fleire viktige forutsetningar for å lukkast med satsinga me har gått i gong med.

Me er ennå så tidleg i prosessen at fleire av dei «driftstekniske» svara han etterspør ikkje er klare nok på dette tidspunktet.

Me er ennå så tidleg i prosessen at fleire av dei «driftstekniske» svara han etterspør ikkje er klare nok på dette tidspunktet.

Det som derimot er klart nok nå er at eit ideelt selskap har målsetting om å finansiera og bygga «Folkeheisen i Sauda», for utleige til Sauda Skisenter. Sauda Skisenter drifter då leigeobjektet og betaler leiga i forhold til den del av investeringskostnaden som er lånefinansiert + driftskostnaden til det ideelle selskapet. Akkurat slik Sauda kommune gjer det mot Sauda Folkets Hus AS.

Utgangspunktet i satsinga var ei stolheis-løysing frå Kro (nede i Sauda Skisenter) og direkte opp til starten på gamle Super-G løypa (nedunder Smalanuten i retning Djuvsbotn). Faglege råd frå Geir Ødegaard Olsen peikte derimot i retning av å satsa på gondol til Djuvsbotn, med tilbringarheis til same topp-punkt. Og dette som både ei betre og billigare løysing enn først tiltenkt.

Ødegaard Olsen hadde mange gode hensikter med sine innspel og me har i det vidare arbeidet lagt sterk vekt på dei innspela han han tilført prosessen. «Folkeheisen i Sauda» inneheld dermed både gondol og tilbringarheis slik at me oppnår same effekt som med stolheis og me har åpna for ei universell utforming til Djuvsbotn.

Skal satsinga bli ein realitet må det lagast ein masterplan for heila aktivitetsområdet. Denne er Sauda Skisenter i gong med, og eg veit at prosessar mot Sauda Bedriftskapital og mot Innovasjon Norge er starta opp.

Planen må seia noko om alle dei ulike tiltaka som er aktuelle i samtlege trasear tilknytta Sauda Skisenter. Økonomiske forutsetningar, evne til leige av «Folkeheisen i Sauda» og alle andre driftsmessigheter må sikrast før ein kan beslutta bygging. Drifta er kjernen i satsinga vår, det ideelle selskapet er kun eit finansieringsinstrument for å sikra at me klarer å få dette til.

Me kaller dette for «Saudamodellen»

Me jobbar i det vidare med å utfordra alle som har nytte av tiltaket til å signera intensjonsavtale med «Folkeheisen i Sauda». Dette gjeld dermed grunneigarar, hytteutviklarar, hytteforeningar, enkeltpersoner med hus eller hytte i Sauda og lokale og regionale bedrifter som leverer til hyttebygging, annan omsetning i Sauda eller som kan profittera på eit auka omdømme av at satsinga blir ein realitet.

Sauda kommune og dei store bedriftene er bevisst ikkje påkobla saka ennå. Dei har me planer for etter kvart. Men ingen skal «daua i syndå». Me har fått til mykje i Sauda dei siste 10-12 åra, og fasiten på desse utbyggingane viser oss kva som er rett veg til målet. Det er kraftfullt når mange går saman om felles mål og der både privat, offentlig og ideell kapital virker saman. Me kaller dette for «Saudamodellen». Og nå er me i gong på nytt!