Kyrkja inn i framtida

PÅSKEN ER den eldste og viktigaste av dei kristne høgtidene. Dette året går kyrkjelydar verda over ei heilt annleis påskehøgtid i møte, så også i Sauda. 

KORONAPANDEMIEN rammar kyrkja, og med det dei aller fleste av oss. Både dåp, bryllaup og gravferder kan framleis gjennomførast, men restriksjonar avgrensar deltakinga til bare dei aller næraste. Konfirmasjonane er utsett til over sommaren. Ei rekke gudstenester er avlyst av frykt for smittespreiing. Mykje tyder på at det kan gå langt tid før kyrkjelyden igjen kan samlast i Guds hus. Dette er likevel ikkje einstydande med at det ikkje blir halde gudstenester.

DEN PÅGÅANDE krisa har fått mange til å tenka nytt – også kyrkja. Fleire stader i landet blir det arrangert drive-in gudstenester, der det er lettare å følga tilrådingar om å halda avstand til einannan. Og for svært mange er våren 2020 i ferd med å bli tida då kyrkjelyden for alvor tok steget inn i den digitale tidsalderen. For om ikkje folket kan komma til kyrkja, kan kyrkja komma til dei. 

«ei rekke påsketradisjonar står sterkare enn Jesu oppstode»

I DAGENS AVIS kan du lesa om at prest Espen Gya har blitt «YouTubar» og spelar inn gudstenester digitalt – saman med gode medhjelparar. YouTube-filmane, som for øvrig er illustrert med Sauda-bilder, ligg tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Og dei ser ut til å falla i smak. Gudstenesta frå 22. mars er i skrivande stund sett 854 gonger. Det gir eit betydeleg større publikum enn på ein gjennomsnittleg kyrkjesøndag. 

«større publikum enn på ein gjennomsnittleg kyrkjesøndag»

GUDSTENESTER på digitale flatar kan gjerne by på utfordringar for deler av den eldre, ikkje-digitale delen av befolkninga. Her bør det vera mange tilgjengelege hjelpesveinar å spørja i form av påskeferierande skuleelevar som er ekspertar på feltet. 

DET ER NOK IKKJE til å komma forbi at ei rekke påsketradisjonar står sterkare enn Jesu oppstode for store deler av befolkninga i dag. Det er likevel grunn til å tru at påsken og det denne høgtida står for både av innhald og kyrkjelege tradisjonar framleis er viktig for mange. I ei utfordrande tid viser kyrkja både kreativitet og evne til å tenka nytt for å formidla påskebodskapen til sine tilhengarar, det fortener dei ros for.

AT DEI DIGITALE gudstenestene synest å nå mange, kanskje fleire enn til vanleg, er kanskje noko kyrkja bør ta med seg også inn i tida etter koronatilværet.