Måndag startar Bergensfirmaet Wimo arbeidet med å sikra fjellsida ovanfor fylkesveg 520 mellom Borvik og Djupevik i Saudasjøen.
Arbeidet kan medføra ventetid på inntil to timar for vegfarande som skal passera.
– Arbeidstida vil vera klokka 9-14 og 19-23 måndag til torsdag og gå føre seg fram til 28 mai, opplyser Sauda kommune på sine nettsider.
Vegen vil vera opna for gjennomkjøring når rutebussen skal passera og elles når arbeidet gjer det muleg.
Fjellsikringsarbeidet blir gjort på oppdrag for Rogaland Fylkeskommune, som frå årsskiftet tok over driftsansvaret for fylkesvegane frå Statens vegvesen.