Krevjande prosess

Neste veke fell etter alt å dømma klubba for Sauda sin nye kommuneplan. Åtte år etter at førre rullering var i mål og nesten fire år etter at arbeidet starta, får saudasamfunnet ein ny overordna plan å styra etter. Men får me verkeleg ein kommuneplan der alle interesser er ivaretatt?

«får me verkeleg ein kommuneplan der alle interesser er ivaretatt?»

Svaret på dette spørsmålet er sjølvsagt nei. Det er ikkje muleg å femna om alt, sjølv i ein kommuneplan. Dessutan vil det gjerne dukke opp motstridande interesser eller forslag som bryt med sentrale føringar.

I det kommuneplanen blir vedtatt, er han sjølvsagt òg alt i ferd med å bli forelda. Samfunnet utviklar seg i rasande fart. Nye folk med nye meiningar inntar nye rollar undervegs i prosessen. Uansett kor mykje ein har arbeidd for å få til ein plan som er så framtidsretta at ein unngår ressurskrevjande dispensasjonssøknader, klarer ein aldri å føresjå alle utviklingstrekk. Det er noko med tingas ibuande djevelskap.

Utviklinga av ein kommuneplan bør så godt det lar seg gjera vera eit fellesprosjekt for heile lokalsamfunnet. Å få høve til å uttala seg er ein demokratisk rett. Gjennom snart fire år har det blitt gitt gode høve til å engasjera seg i planarbeidet. Likevel tyder mykje på at kommunikasjonen ikkje har vore god nok. Framleis kjem det signal frå interessentar som ikkje synest dei har nådd fram med sine synspunkt og ønske i plandokumentet. Dette trass i at dei i opplever å ha ønske som er i tråd med vedtatt politikk lokalt.

«massive saksdokument med byråkratspråk og årelang saksgang blir for komplisert»

Diskusjonar om innspel har kome for seint eller om folk ikkje har vore på hogget på rett tidspunkt i prosessen, eller om kommunen har informert for dårleg undervegs, er mest av akademisk interesse. Etterpåklokskap er som kjent den einaste eksakte vitskapen. Spørsmåla som bør reisast er om massive saksdokument med byråkratspråk og årelang saksgang blir for kompliserte for meinigmann å henga med i. Då står ein i tilfelle overfor ei byråkratisk utfordring. Sjølv journalistar med lang fartstid i dokumentjungelen finn det utfordrande å halda styr på kva som er skrive og sagt kor og når, og kva som ligg i formuleringane i plansaka.

Arbeidet med den nye kommuneplanen har vore tid- og ressurskrevjande. Tilbakemeldingar mot slutten av planarbeidet gir likevel klare indikasjonar på at det skulle vore investert endå meir i å sikra god kommunikasjon og dialog undervegs i prosessen.