Budsjett-bom

Koronakrisa gjer djupe innhogg i økonomien til norske kommunar. For Sauda sin del står ein overfor ein solid auke i driftskostnader. I tillegg får politikarane nå sitt eige budsjett-triks frå i haust rett i fleisen.

Ingen kunne sjølvsagt føreseia pandemien som kom veltande over landet i starten av mars. Endå mindre dei samfunnsmessige konsekvensane denne ville føra til. Ifølge kommunesektoren sin interesseorganisasjon, KS, går norske kommunar mot eit samla koronatap på mellom 18 og 27 milliardar kroner inneverande år. Regjeringa, på si side, legg i revidert nasjonalbudsjett til grunn eit tap på drygt tre milliardar. Uansett korleis reknestykket blir sett opp, kjem Sauda kommune til å få merka effektane av eit delvis nedstengt samfunn i form av reduserte skatteinntekter og brukarbetalingar.

«aktivitetar for over seks millionar kroner utan dekning»

Hausten 2019 vedtok kommunestyret i Sauda eit budsjett der det var planlagt aktivitetar for over seks millionar kroner utan dekning. Denne budsjett-akrobatikken blei grunngitt med at det alltid var litt å gå på i eit så stort budsjett som kommunen sitt, og at det ville gå greitt å henta inn den manglande finansieringa ein eller annan stad i løpet av året. Dette trass i at ein var kjend med ein aukande sannsynlegheit for nedgang i samfunnskonjunkturane.

Etter fire månaders drift viser rekneskapstal ein stipulert auke i driftskostnadene til Sauda kommune på 21,65 millionar kroner for 2020. Mykje av dette kjem som ein følge av koronatiltak innan oppvekst og kultur og helse og omsorg. I summen ligg også dei drygt seks millionane som det skulle finnast dekning for undervegs, ei øving det naturlegvis ikkje er muleg å gjennomføra no.

For å finansiera meirforbruket, føreslår rådmannen mellom anna å redusera det budsjetterte overskotet for 2020 med 5,7 millionar kroner og å bruka nær halvparten av dei 15,4 millionar kronene ein sat igjen med i overskot etter 2019. Dersom føresetnadene ikkje endrar seg radikalt, ser ein ut til å landa sånn nokolunde på beina i denne omgangen. Ting kan imidlertid bli både betre og verre. Det er med andre ord mykje usikkerheit involvert.

«Ein kan sjølvsagt ikkje fortsetta å tæra på oppspart kapital»

Ein kan sjølvsagt ikkje fortsetta å tæra på oppspart kapital. Etterdønningane frå koronakrisa kjem etter alt å dømma til å påverka verdsøkonomien i lang tid framover. Alt tyder på at kommunen blir tvungen til å ta alvorlege grep for å tilpassa drifta til den nye kvardagen. Det inneber usikre tider for både dei som yt kommunale tenester og for mottakarane. Og utfordringar i kø når lokalpolitikarane skal laga budsjett for 2021. I det dokumentet bør det vera dekning for alle kjende utgifter i året som kjem.