Regjeringa opnar opp for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar.
Regjeringa opnar opp for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar. FOTO: Arkiv.

Dei eldre kan nå få besøk av sine næraste

Nasjonale smittevernføringar legg nå opp til at eldre på institusjonar kan få besøk. Men det blir ikkje åpne dører og fritt fram.

For å hindre koronasmitte og beskytte dei mest sårbare i samfunnet, blei det i mars innført svært strenge smittevernsreglar ved kommunale bueiningar for eldre. I praksis blei det innført besøksforbod.

– Det har vore frustrerande og vanskeleg for både bebuarane og dei pårørande. Det er kjempebra at det nå kan gjennomførast besøk, seier einingsleiar ved Åbøtunet, Wenche Hoftun.

Sauda kommune har alt tilnærma seg dei nasjonale føringane som regjeringa presenterte onsdag.

– Me har ikkje hatt kjent smitte i Sauda i dei siste vekene. Derfor laga me retningslinjer for ei vekes tid sidan som i stor grad minner om dei nasjonale retningslinjene som nå har blitt innført, opplyser kommunalsjef i helse og omsorg, Aina Olene Tveit.

Desse føringane seier at eldre i kommunale bueiningar kan få besøk av sine næraste, pluss nokre få utvalde personar.

Kommunalsjef Helse og omsorg, Aina Olene Tveit. Arkivfoto: Frank Waal. 

– Men det vil ikkje vere fritt fram og åpne dører. Bueininga skal varslast om besøk i forkant og det må førast logg over kven som kjem på besøk og kven som får besøket. Årsaka til dette er at ein i ettertid kan gjere smittesporing dersom det skulle bli påvist covid-19-smitte, seier Aina Olene Tveit.

– Dei fleste viser forståing

Kommunalsjefen rosar dei tilsette ved kommunale institusjonar og bueiningar for å ha handtert ein utfordrande situasjon i ei vanskeleg tid.

– Det er inga lett oppgåve å vere portvakt i ein slik situasjon. Dei fleste besøkande viser heldigvis forståing for at det er nødvendig med kontroll, men ikkje alle. Retningslinjene som er utforma lokalt er nå veldig konkrete, slik at det skal vere meir forutsigbart og enklare å handtere for både pårørande, besøkande og tilsette, seier Tveit.

For å minimere risikoen for smittespreiing vil det vere tidavgrensa kor lenge besøket kan vare. I tillegg skal ikkje dei som er på besøk opphalde seg i fellesareal. Sauda kommune vil, ifølge Tveit, praktisere at dei besøkande må halde minst to meter avstand til den dei besøker, pluss alle andre på institusjonen, medrekna tilsette.

– Årsaken til at det har vore strenge reglar, og at me vidare framover ikkje bare kan åpne dørene og la folk komme og gå fritt, er at me ikkje ønsker smitten inn i bufellesskapa. Dette er den aller mest sårbare gruppa med tanke på covid-19, seier Aina Olene Tveit.

Einingsleiar Wenche Hoftun påpeiker at for dei bebuarane som ikkje forstår at det er ein smittesituasjon i Norge, så har det vore ekstra vanskeleg.

– Dei forstår ikkje kvifor dei ikkje har fått besøk. For personalet har det vore vanskeleg å forklare kvifor. Derfor er det bra at dei nå får besøk, seier Hoftun.

Ulik besøksordning

Kommuneoverlege Knut Omdal opplyser at det vil vere ulik besøksordning på ulike einingar.

– Me må gjere tilpassingar der dette er nødvendig, og håper at dei pårørande viser forståing for dette. All erfaring så langt viser at dersom ein får covid-19-smitte på ei sjukeheimsavdeling, så er det mange som dør, seier Omdal.

Kommuneoverlege Knut Omdal. Arkivfoto: Frank Waal. 

Kommuneoverlegen viser til undersøkingar av covid-19-dødsfall i Norge. I dei fem norske kommunane som har flest dødsfall per 14. mai, har 72 prosent av desse dødsfalla skjedd i helse- og omsorgsinstitusjonar.

Men han påpeiker at Sauda kommune legg til rette for at bebuarane skal kunne få mykje besøk, men at smittevernsreglane heile tida må bli følgd.

– Me må vere forsiktige når me åpnar opp for besøk. Eldre menneske er spesielt sårbare for covid-19. Dei avgrensningane som me praktiserer er for å ivareta bebuarane si helse, slik at dei i minst muleg grad blir utsett for smitte, seier Knut Omdal.

Kan ha heile klassar

Regjeringa opnar opp for at skular og barnehagar kan ha heile klassar og heile avdelingar samla.

Da dei strenge koronatiltaka blei innført i midten av mars, blei skular og barnehagar stengt. Da skulane og barnehagane blei gjenåpna etter påske, blei det innført maksgrense på elevgrupper. Ei gruppe blei kalla ”kohort”.

Onsdag opplyste regjeringa at det frå neste veke vil bli lov å samle heile klassar på skulane, og heile avdelingar i barnehagane.

Lite smittespreiinga av koronaviruset blir oppgitt som årsaken til denne beslutninga.

– I praksis betyr det at med dagens smittesituasjon kan ein heil klasse vere samla i klasserommet uansett kor stort klasserommet er, og fleire kan få eit fulltidstilbod. Det blir enklare å gjennomføre barnehage- og skulekvardagen, samtidig som smittevernet blir ivaretatt, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Regjeringa opplyser at dei nye smittevernrettleiarane blir lagt fram fredag 29. mai. Dei nye smittevernrettleiarane skal hjelpe skulene å tilpasse tiltaka til smittesituasjonen i samfunnet. Modellen varierer frå grønt nivå med vanleg organisering, via gult nivå med moderate tiltak, til raudt nivå med meir omfattande tiltak. I dag praktiserer barnehagane og skulane raude tiltak. Frå og med 2. juni kan dei nedjustere til tiltaka på gult nivå. Det blir forventa at ikkje alle barnehagar og skular skal vere klare på tysdag, men at dei bruker neste veke på å omstille seg. Rettleiarane påverkar ikkje smittevernreglane for resten av samfunnet.

Smittevernråd ved helse- og omsorgsinstitusjonar:

I forkant av besøk:

– Fysiske besøk må avklarast med institusjonen i forkant. Dei besøkande må førebu seg på at gjeldande rutinar og smittevernråd må følgast. Antal besøkande må ikkje vere høgare enn at anbefalt avstand (minst 1 meter) og øvrege smittevernråd kan følgast. (Her praktiserer Sauda kommune minst to meter avstand)

– Pårørande eller andre som er sannsynleg eller bekrefta med covid-19 kan etter covid-19-forskrifta ikkje kome på besøk i institusjonen.

– Pårørande eller andre som er i heimekarantene eller har luftvegssymptom, skal som hovudregel ikkje kome på besøk, men unntak kan i nokon tilfelle bli vurdert.

Under besøk:

– Det bør førast protokoll med tidspunkt, namn og telefonnummer for alle besøkande.

– Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene når dei kjem, også ved besøk utandørs.

– Besøkande bør gå direkte til og frå rommet og ikkje opphalde seg i fellesareal. Viss pasienten/bebuaren ikkje har einerom, må besøk tilretteleggast i besøksrom e.l.

– Besøkande bør halde minst 1 meter avstand til tilsette og andre pasientar/bebuarar enn den dei besøker. (I Sauda 2 meter)

– Besøkande bør også halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, men her kan det gjerast lokale vurderingar om berøring kan finne stad, men ein bør prøve å unngå tett ansikt-til-ansikt kontakt. Vurderinga bør ta omsyn til smittespreiing i lokalsamfunnet (kommunen) og risiko for alvorleg sjukdom hos den som får besøk og øvrege bebuarar i institusjonen.

– Pasientar/bebuarar kan ta imot gåver, blomster og liknande. Det er ikkke behov for spesielle forhandsreglar, men viktig å følge generelle råd for handhygiene, da dette vil førebygge indirekte kontaktsmitte.

– Viss besøkande har med mat bør alle utføre handhygiene før maten blir servert og inntatt. Besøkande skal ikkje bruke kjøkken i institusjonen.

– Pasient/bebuar bør utføre handhygiene når dei besøkande forlet rommet.

– Besøkande bør informerast om at dei ved symptom på covid-19 med påfølgande prøvetaking, skal opplyse om at dei har vore på besøk i institusjonen som del av smitteoppsporingen.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.