Endeleg litt meir avis…

Våren 2020 har vore ei utfordrande tid – også for ei lita lokalavis lengst inne i ein fjord på den sørvestnorske regnkysten. Rett nok har både koronakrisa og den gradvise gjenopninga av samfunnet gitt redaksjonen ein heil del å skriva om. Likevel har restriksjonar, endringar og avlysingar, mellom annan innan kultur- og fritidssektoren, påverka kvardagen til Ryfylke.

Dette har gått ut over både stofftilgang og annonseinntekter. For eksempel ville avisene denne veka normalt hatt rikeleg med aktuelt stoff og annonsar i høve Saudadagane.

«nøydde til å tilpassa drifta til dei endra føresetnadene»

Avlysingar av store og små tilskipingar og marknadsføringa av desse har dessverre ført til at det denne våren har vore litt færre avissider i Ryfylke samanlikna med dei seinare åra. Det seier me oss sjølvsagt leie for, men som elles i samfunnet har også me sett oss nøydde til å tilpassa drifta til dei endra føresetnadene.

Dagens avis er imidlertid eit gledeleg unntak i så måte. Me i avisa synest det er ekstra kjekt å kunna gi lesarane eit 48 siders sommarbilag med variert lesestoff om Sauda og saudabuar. Her finn du både litt lokalhistorie, turiststoff og typisk sommarstoff for gammal og ung.

«er avisa avhengig av gode samarbeidspartnarar»

I bilaget finn du òg dei første smakebitane frå ei felles reiselivssatsing initiert av Landslaget for lokalaviser, LLA. «Mitt Ferietips» er eit samarbeid mellom 40 norske lokalaviser, og under denne vignetten vil det i løpet av forsommaren komma korte presentasjonar av til saman 40 reisemål frå Hammerfest i nord til Arendal i sør. Fleire av desse reisemåla ligg i rimeleg kjøreavstand frå Sauda. 2020 er landet då Ola Nordmann vil vera turist i eige heimland meir enn nokon gong; me håpar desse reisetipsa kan gi inspirasjon og idear til å ta nærområda og landet elles i nærare augnesyn.

For å klara å gi ut eit slikt sommarbilag, er avisa avhengig av gode samarbeidspartnarar. Det er på sin plass å rosa alle dei lokale og regionale bedriftene som nytta denne avisa til å profilera seg. Det same gjeld dei som stilte opp som Ryfylke sin sponsor i «Mitt Ferietips».

Ryfylke håpar innhaldet fell i smak, både blant utflytta og fastbuande saudabuar – og blant årets sommargjester.